Gjennom 1990- og 2000-talet var det massive kampanjar mot norsk fiskeoppdrett, godt støtta av presseorgan som set agendaen i den norske kvardagen. Mytar blei skapte. Ein av dei lever framleis: «Norsk oppdrettslaks er så proppa full av antibiotika at det ikkje er tilrådeleg å eta den.»

I ei undersøking gjort av elevar ved Fagskolen for akvakultur i Hordaland hausten 2014, sa 36 prosent at det er «for mykje antibiotika» i laksen. Nesten 20 prosent meinte at dei ville få i seg «uheldig mengde antibiotika» om dei åt eitt kilo laks i veka.

Svært mange – 40 prosent – trudde at oppdrettsnæringa står for meir enn fem prosent av det samla antibiotikaforbruket i Noreg. Dei har sikkert ikkje endra meining.

Kvifor er det framleis ein hemmelegheit for folk flest at det knapt blir brukt antibiotika i norsk fiskeoppdrett? Mytane har festa seg godt, sjølv om oppdrettsnæringa berre brukar ein brøkdel av den antibiotikaen som nyttast i produksjonen av norsk kjøt og mjølk. Og forbruket av antibiotika i norsk kjøt- og mjølkeproduksjon er blant det aller lågaste i verda.

Det er stille, og næringa har sjølv ein stor del av ansvaret. Ta til dømes kommunikasjonen i Dagens Næringsliv den 17. februar. Under overskrifta «Legemiddelbruken i oppdrett eksploderer», blir myten stadfesta. Her blir ordet legemiddel brukt. Legemiddel femner om mykje, som til dømes middel brukt mot lakselus, bedøvingsmiddel et cetera. Det handla også denne artikkelen om.

Men «legemiddel» inkluderer også antibiotika, eller «penicillin» på folkemunne.

Og dette er kjerna i debatten om antibiotika, redsla for utvikling av resistens som skuldast overdriven antibiotikabruk. Resistens er helsevesenet sitt skrekkscenario.

Kva er så fakta om antibiotikabruken i oppdrettsnæringa? I norsk oppdrett blir det brukt i underkant av 1 mg/kg fisk. I norsk kjøtproduksjon blir det brukt 4 mg, medan nivået i Sverige er 14 mg. Sverige har det lågaste forbruket i EU.

I Noreg blir 85 prosent av alt antibiotikum brukt direkte til folk, 14 prosent blir brukt i norsk kjøt- og mjølke-produksjon, og berre 1 prosent blir brukt i oppdrettsnæringa. For å sitera frå Folkehelseinstituttet sin rapport for 2013: «mengden antibakterielle midler som har blitt solgt de siste årene tilsvarer at anslagsvis 0,5-1 prosent av fisken ble behandlet med en antibiotikakur.» Dette er ei godt løynd sanning. I figuren, basert på tal frå Folkehelseinstituttet, kan lesaren sjølv sjå korleis denne utviklinga har vore frå 1980.

På 1980-talet var det alvorleg. Men det blei teke kontroll gjennom eit aktivt samarbeid mellom myndigheiter, næringa og akademisk sektor. Forskingsbaserte og bærekraftige løysingar blei tekne i bruk.

Døma på forskingsbaserte gjennombrot i norsk oppdrettsnæring er mange. Som eit døme utviklar norske fôrprodusentar produkt som held fisken frisk og gir låg produksjonskostnad.

Verdsleiande, norske miljø utviklar vaksine mot sjukdomar ein oppdrettslaks kan få; teknologimiljø utviklar løysingar som reduserer stresset ein oppdrettsfisk kan bli utsett for; avlsselskapa inkluderer helse i arbeidet sitt; norsk oppdrettsnæring har solide hygienetiltak og så videre.

Desse løysingane er med å sikra at vi som konsumentar skal få eit best mogleg produkt.

Og det er miljøvennleg; frisk fisk brukar minst fôr per kg tilvekst. Dette er ein viktig del av karakteristikken på ei bærekraftig næring – svært viktig i dag med aukande fare for antibiotikaresistens.

For å unngå antibiotikaresistens bør ein ha produksjonsformer der minimalt med antibiotika blir brukt, slik som i oppdrettsnæringa. Men vi skal også vera realistiske, der sjukdom bryt ut må ein ha effektiv behandling.

Men skeptikarane til oppdrettsfisk er enno mange. Det finst knapt oppdatert og lett tilgjengeleg informasjon om det låge forbruket av antibiotika i denne næringa.

Kor finst dei som kan ta på seg allmennopplæringa, der nordmenn, uansett kor vi møter dei, ber om norsk oppdrettslaks fordi dei veit at den absolutt største majoriteten av fisk aldri har sett eller smaka på ein pellet med antibiotika.

Kjenner riksmedia ansvar for å retta opp tidlegare mistak, eller er slikt heilt overlate til tilfeldigheitene?

Reid Hole, dekan, Fakultet for biovitenskap og akvakultur, Universitetet i Nordland

Les hele avisen her.(Vilkår)Copyright Dagens Næringsliv AS og/eller våre leverandører. Vi vil gjerne at du deler våre saker ved bruk av lenke, som leder direkte til våre sider. Kopiering eller annen form for bruk av hele eller deler av innholdet, kan kun skje etter skriftlig tillatelse eller som tillatt ved lov. For ytterligere vilkår se her.