Ola Kvaløy argumenterer godt for ei dultepatrulje i spalta si i DN (22. oktober). Dulting kjem frå «nudging» og fangar ideen at det ofte skal lite til – eit anna utgangspunkt, ei anna handlingsrekkefølge, andre ord – for å få folk til å endre åtferd; ete mindre og spare meir.

Av og til kan ein dult gje det lille skyvet som skapar eit radikalt betre utfall, også langt der framme. Av og til. Men ofte vil dulting føre til det som dulting pleier føre til, ein blipp, ein sving, og så er ein tilbake i det gamle sporet.

Ein målar som viser mitt straumforbruk i forhold til snittet i nabolaget tenner konkurranseinnstinktet. Kanskje varer det ei stund. Men etter eitt år er eg redd målaren går i eitt med tapeten. Og eg har kasta strikkejakka og går med t-skjorte inne. Det fins eksperiment som viser at folk et mindre når dei får små tallerknar. Kor lenge varer det?

Men det kan vel ikkje skade med litt dulting? Effekten er kanskje kortvarig og ikkje så stor, men til gjengjeld kostar det lite, både i pengar og folkeleg motstand. Der ligg problemet: Ei dultepatrulje kan føre til meir politisk eskapisme. Politikarane går til dultepatruljen for å finne fjonge tiltak som ingen har noko imot, det er jo berre ein dult, mens dei burde grave i den gamle sekken og finne politikk som svir. For det som svir, det verkar - også på lang sikt.

Skal me få ned sukkerkonsumet må me innføre ein sukkerskatt som smakar surt. Det nyttar ikkje berre med små dessertskåler. Skal me få ned bruken av fossile brennstoff treng me høge karbonskattar.

Det fins allereie ein haug med miljøtiltak som er valt på grunn av låge politiske kostnader, heller enn økonomisk effektivitet; grøne sertifikat, subsidie av elbiler og så videre. Me kunne oppnådd meir med høgare karbonskatt. Men det er eit kontinuerleg spark bak på forbrukaren, og der sparkar nødig ein politikar som vil bli gjenvalt.

Gaute Torsvik, professor, Økonomisk Institutt, UiO


Les også: Alt kan manipuleres


50 shades of manipulering

 

Les hele avisen(Vilkår)Copyright Dagens Næringsliv AS og/eller våre leverandører. Vi vil gjerne at du deler våre saker ved bruk av lenke, som leder direkte til våre sider. Kopiering eller annen form for bruk av hele eller deler av innholdet, kan kun skje etter skriftlig tillatelse eller som tillatt ved lov. For ytterligere vilkår se her.