- Eg, svarer SVs Heidi Grande Røys på hvem som fortsatt bør lede statens it-politikk etter valget.

Hun lover velgerne bredere bredbånd, bedre nettjenester til folket og frislipp av offentlige data. Mange mener frigivelse av slike data kan skape grobunn for mange nye tjenester.

Les SVs it-prioriteringer og vurder hvem som bør få it-stemmene under valget:



”Fornying av offentleg sektor gjennom IT (nye og betre elektroniske tenester, god og sikker elektronisk ID til innbyggjarane m.m.).

Breiband – vi har sikra heile landet dekning, no treng vi breiare breiband.

Slipp offentlege data fri. Endre offentleglova slik at offentlege data ikkje skal vere ei inntektskjelde. Særleg kartdata må bli gratis tilgjengeleg.”





”IT er sentralt for Noregs økonomiske utvikling, og vil bli viktigare og viktigare. IT-politikk er god næringspolitikk. Vi satsar vidare på Altinn og elektroniske tenester, for å gjere kvardagen enklare for næringslivet. Breiband er viktig for å gi næringslivet gode mogelegheiter landet rundt.

 

Vi har nådd 99,9 prosent dekning for breiband, no blir det viktig å sikre breiare breiband til innbyggjarar, næringsliv og offentleg sektor. Eit godt gammalt SV slagord er «frå ein svart oljeøkonomi til ein grøn kunnskapsøkonomi».”





”IT er heilt sentralt for å gi innbyggjarane nye døgnopne digitale tenester. Dette gjer kvardagen enklare for folk og for offentleg sektor. Samtidig kan vi frigjere arbeidskraft til oppgåver som datamaskiner ikkje kan gjere – skule, barnehage og omsorg. I helsevesenet vil IT ha ein heilt sentral rolle knytta til samhandlingsreforma. SV meinar difor vi må halde fram med å satse på framtidsretta bruk av IT i offentleg sektor.”



”Eg (dvs Heidi Grande Røys)! Vi kjempar for eit godt SV-val og fortsatt raud-grønt fleirtal, slik at SV får halde fram i Fornyings- og administrasjonsdepartementet.”(Vilkår)Copyright Dagens Næringsliv AS og/eller våre leverandører. Vi vil gjerne at du deler våre saker ved bruk av lenke, som leder direkte til våre sider. Kopiering eller annen form for bruk av hele eller deler av innholdet, kan kun skje etter skriftlig tillatelse eller som tillatt ved lov. For ytterligere vilkår se her.