Nyleg leverte industrialliansen Prosess 21 ein rapport om korleis prosessindustrien kan legge til rette for grøn omstilling og samstundes doble eksportverdien i løpet av ti år. For eit par veker sidan stilte NHO seg i spissen for eit samarbeid av næringsinteresser som kom med klare tilrådingar om utvikling av vindkraft til havs.

Felles for begge initiativa er at dei føresett milliardar i støtte frå statsbudsjettet.

Potensialet er stort, for titusenvis arbeidsplassar, held begge grupperingane fram.