Utlendingar eig stadig meir av norsk eigedom og – slik DN dokumenterer – av samfunnskritisk infrastruktur som kraftverk, ambulansefly og havneanlegg.

Nyare forsking frå Skatteforsk – Senter for Skatte- og adferdsforskning ved NMBU kartlegg omfang og struktur av utanlandsk eigarskap av norsk bustad- og næringseigedom. Vi viser at heile ti prosent av selskapseid eigedom var eigd frå utlandet i 2017. Skatteparadis, og særleg Luxembourg, står for ein aukande andel.

Eg har fått spørsmål fra politikarar og andre om kva som er problemet med utanlandsk eigarskap, for vi ønsker jo utanlandsk kapital og investeringar velkomne til Norge.

Men det er ikkje nødvendigvis utanlandsk eigarskap i seg sjølv som er problemet, men hemmeleg eigarskap.

I ein global økonomi der pengane flyttar seg over landegrenser og mellom institusjonar på eit øyeblikk, så er vi framleis der at Skatteetatens og andre etatars autoritet stoppar ved grensa.

Eigarskap via utlandet legg ei hemmelighetskappe over informasjonsflyten og kan gjere det krevande å finne ut kven dei faktiske eigarane er. Dersom ein i tillegg legg inn eigarskap via utanlandske fond og truster gjev det ekstra lag med beskyttelse mot innsyn.

Eigedom har også blitt meir attraktivt over dei siste åra som middel til å gøyme verdiar, sidan eigedomar ikkje er inkludert i den automatiske informasjonsutvekslinga mellom land.

Det er ikkje ulovleg å eige selskap og eigedomar frå eller i skatteparadis. Men omfanget av det legitime eigarskapet frå land med lite transparens, som Luxembourg og andre skatteparadis, gjer det lettare for det illegitime eigarskapet å gøyme seg i mengden frå kontroll og innsyn. Og slike konstruksjonar kan brukast til ulovlege formål.

Eigedomsinvesteringar er eit velkjent reiskap for økonomisk kriminalitet og kvitvasking.

Komplekse og utanlandske eigarstrukturar gjer det krevande for bankar og eigedomsmeklarar å etterleve sine forpliktelsar om å vite kven dei faktiske eigarane/aktørane er. Det er også eit problem for kundar og leigetakarar, for dersom ein ikkje veit kven utleigar er, kan det vere krevande å kome i kontakt ved evt. problem eller å få tak i pengar ved erstatningsansvar.

Regelverksutviklinga heng etter, og politikarane må på banen og seie klart frå at vi ikkje aksepterer hemmeleghald.

Her er dei konkrete nasjonale tiltaka som eg tenker er mest aktuelle, og lesarane har sikkert gode forslag om fleire:

  • Innfør tinglysningsplikt og forby blankoskjøte.

DN har tidlegare dokumenter at over 100.000 eigedomar er eigd på papiret av avdøde personar, slik at dei reelle eigarane er ukjende. Her er det viktig å hugse at ein må skilje tinglysingsplikt frå nivå på dokumentavgift, som er to separate politiske spørsmål.

  • Krev informasjon om reelle eigarar i anbudskonkurransar.

Offentlig sektor er ein stor aktør og bruker mange milliardar på innkjøp frå privat sektor. Ein grunnleggande føresetnad for å få kontraktar med offentleg sektor må vere åpenhet om eigarstruktur og faktiske skattebetalingar, samt å kreve det same ved evt. framtidige eigarskifter. Vi kan ikkje fortsette med å gje offentlege kontraktar til private selskap med uklart eigarskap.

  • Reelt eigarskapsregister hastar.

I vedtatt statsbudsjett er det nå satt av pengar til vidareutvikling av Eierskapsregisteret. Men ein må også tette klare hull, som å ha rapporteringsplikt for alle eller alle med minst fem prosent eigarskap, då dagens grense på 25 prosent er for lett å omgå. Det er også uklart om feil eller manglande rapportering får konsekvensar.

  • Fjern status som egen juridisk person for selskap utan reell aktivitet.

Prinsippet om at kvart selskap er ein egen juridisk person legg til rette for omfattande misbruk og kriminalitet. Dette gjer det mogleg å gøyme seg bak komplisert selskapsstruktur og tome selskap, noko som er blitt billegare gjennom reduserte kapitalkrav og fjerna revisjonsplikt.

  • Gjeninnfør revisjonsplikt for alle selskap.

Dåverande næringsminister Trond Giske feira fjerninga av revisorplikten for mindre selskap i 2011 som eit forenklingstiltak for næringslivet. Men dette fjerna samtidig førstelinjevernet mot kvitvasking og økonomisk kriminalitet og la heile kontrollbyrden over på Skatteetaten.

  • Gje Skatteetaten mulighet til fleire faktiske kontrollar.

Enkeltkontrollar av bedrifter er tid- og ressurskrevande, og enda meir dersom det er uklare eigarforhold.

Det held ikkje lengre å bare vise til at vi støttar internasjonale prosessar, den soveputa er forelda.

Nå må det handling til her heime.

(Vilkår)Copyright Dagens Næringsliv AS og/eller våre leverandører. Vi vil gjerne at du deler våre saker ved bruk av lenke, som leder direkte til våre sider. Kopiering eller annen form for bruk av hele eller deler av innholdet, kan kun skje etter skriftlig tillatelse eller som tillatt ved lov. For ytterligere vilkår se her.