Lite provoserer tradisjonelle økonomar meir enn bitcoin og kryptovaluta. Frå DNs Terje Erikstad (DN 15. januar) til Krugman og Schiller er dommen eintydig: Bitcoin er ein fiasko og håpet er ein snarleg død. Eigentleg skulle bitcoin vore død for lenge sidan, men kryptovalutaen har vist seg seig og er framleis i live — trass i meir enn 350 nekrologar.

Arkitekten bak bitcoin ofra bevisst kapasitet til fordel for sensurfridom og desentralitet. Godt fungerande betalingsløysingar vil ta tid, og vil ikkje skje på blokkjeda, men i eit eige lag, med blokkjeda som eit avstemmingslag.

Bitcoin som valuta har ingen ibuande verdi, skriv Erikstad. Men det same kan for ein stor del seiast om gull. Prisen på gull kan ikkje forklarast med bruksnytten av metallet, så kvifor er gull så verdifullt då?

Før internett slo gjennom, var det fleire fungerande globale nettverk, til dømes IBM sitt SNA-nett. Det var langt overlege internett, men likevel vart internett den globale standarden. Mykje av grunnen var at det var ope for alle å delta i utviklinga og dermed vart innovasjonstakta mykje større.

Det same kan seiast om opne blokkjeder samanlikna med proprietære finanssystem. Det betyr ikkje at bitcoin ein dag vil overta som føretrekt betalingssystem, men med innovasjonsfarten i krypto­miljøet vil det vera farleg å undervurdera potensialet til denne nye teknologi-infrastrukturen.(Vilkår)Copyright Dagens Næringsliv AS og/eller våre leverandører. Vi vil gjerne at du deler våre saker ved bruk av lenke, som leder direkte til våre sider. Kopiering eller annen form for bruk av hele eller deler av innholdet, kan kun skje etter skriftlig tillatelse eller som tillatt ved lov. For ytterligere vilkår se her.

DNs kommentator mener alle bør spare: Her er hennes fire spareråd
01:55
Publisert: