Takk til Tore Vamraak, Econa sin sjeføkonom, som tok opp utfordringa mi om økonomar og bitcoin («Kvifor er økonomar så dumme?», DN 25. august), men han endar i stor grad med å bevisa påstandane mine.

Kritikk er viktig, men innvendingane mot bitcoin er ei resirkulering av misforståtte og feilaktige argument.

Svein Ølnes
Svein Ølnes

Lat oss først gravleggja myten om bitcoin brukt av kriminelle og til svart økonomi. Det er vist både i akademisk publisering og i andre rapportar at det er lenge sidan det var tilfelle. Den siste som har dokumentert det, er tidlegare CIA-direktør Michael Morell som med basis i data frå analysefirmaet Chainalysis fann at rundt 0,5 prosent av alle bitcoin-transaksjonar i 2020 kunne karakteriserast som illegale.

Energibruken i bitcoin har vore eit stort diskusjonstema den siste tida. Den er dynamisk og kan gå både opp og ned. I løpet av sommaren vart den halvert på grunn av innstrammingar i Kina. Tala til Vamraak er henta frå før dette skjedde. Men Vamraak veit at høg energibruk ikkje er det same som høgt klimautslepp, det er jo Høgre sitt sentrale poeng i klimadebatten.

Nedstenging av grave­aktivitet i Kina har ført til utflytting av aktivitet til andre land, og fornybar-delen av energibruken har gått markant opp.

Samanlikninga med Visa er også misvisande. Bitcoins blokkjede må sjåast på som eit avstemming­s­lag, på same måten som Norges Banks oppgjerssystem for bankane. Dei fleste transaksjonane blir flytta ut av blokkjeda, over på eit anna lag som blir kalla Lightning Network. Dette systemet har kapasitet til millionar av transaksjonar per sekund og samverkar med bitcoins blokkjede.

Bitcoin er eit spekulasjonsobjekt for mange, på linje med aksjar om enn med større kurs-svingingar. Men den som ikkje ser forbi bitcoin som spekulasjonsobjekt, har ikkje forstått potensialet. Silicon Valley-entreprenøren Naval Ravikant har sagt det best: «Bitcoin is tool for freeing humanity from oligarcs and tyrants, dressed up as a get-rich-quick-scheme».

Dessverre fokuserer Vamraak og mange andre berre på det sist, «... a get-rich-quick-scheme».

Tore Vamraak kan umuleg ha lese Econas eige tidsskrift Magma (nr. 8/2019). Der står det ein grundig artikkel om bitcoin, skriven av Torbjørn Bull Jenssen, dagleg leiar i Arcane Crypto. Eg føreslår at han brukar helga til å lesa seg opp.(Vilkår)Copyright Dagens Næringsliv AS og/eller våre leverandører. Vi vil gjerne at du deler våre saker ved bruk av lenke, som leder direkte til våre sider. Kopiering eller annen form for bruk av hele eller deler av innholdet, kan kun skje etter skriftlig tillatelse eller som tillatt ved lov. For ytterligere vilkår se her.