Det er kanskje dumt å karaktarisera økonomar som dumme, men om det kan skapa ein opplyst debatt om bitcoin, er det verdt det. Og «dum» kan, som økonomar flest sikkert forstår, oppfattast på fleire måtar.

Are Oust og Jon Olaf Olaussen frå NTNU (innlegg i DN 30. august) stadfestar inntrykket Tore Vamraak i Econa gav (i innlegg 27. august), og som eg kritiserte rådande økonomar for. Dei er like snevre i forståinga av bitcoin som eg frykta.

Svein Ølnes
Svein Ølnes

Heldigvis har me også sentrale personar som forstår sprengkrafta i det nye systemet, slik Liv Freihow i IKT-Norge viser i sitt innlegg.

Å studera bitcoin med utgangs­punkt i «fintech», finansteknologi, er ein dårleg idé. «Fintech» er dagens finanssystem sitt forsøk på å modernisera eit tungrodd og urettferdig system, og er på mange måtar motpolen til bitcoin. Bitcoin og kryptovaluta må studerast på eigne premissar, men sjølvsagt også korleis det nye systemet samverkar med det gamle.

Påstanden om at bitcoin ville vore langt meir verdt om det stod eit privat selskap bak som også hadde patentert teknologien, er mildt sagt merkeleg. Har Oust og Olaussen same oppfatninga om sjølve internettet?

Hadde bitcoin vore eigd av eit privat firma, hadde det vore stoppa for lengst, eller ville enkelt vorte stoppa. Det er nok å sjå på Facebooks planar med Libra/Diem eller tidlegare forsøk med private valutaer, som for eksempel Liberty Dollar.

Store kurssvingingar er problematisk for eit betalingssystem, der er me einige. Men å kritisera bitcoin for dette er å kritisera ein tenåring for ikkje å oppføra seg som ein 50-60-åring.

Har forfattarane eit eksempel på ein heilt ny valuta som har stabilisert seg i verdi etter 12 år?

Oust og Olaussen har, som mange andre, også tjukke, vestlege brilleglas på. Det er neppe spekulasjon som har gjort at Afrika og Asia er dei dominerande kontinenta for bruk av bitcoin.

Bitcoin var nettopp designa for å bli så stort som det er i dag, og endå større

Forfattarane meiner dagens pengesystem er betre enn bitcoin og at me såleis ikkje har bruk for den nye valutaen. Igjen kunne ein studie i eit land i Afrika, Asia eller Sør-Amerika vore på sin plass.

Påstanden om at bitcoin alt er meir populært enn opphavspersonen såg for seg, er også merkeleg. Bitcoin var nettopp designa for å bli så stort som det er i dag, og endå større. Dei grunnleggjande mekanismane er dei same som ved starten, sjølv om mykje av programkoden er endra undervegs.

Bitcoin og lyssky aktivitet er eit gravlagd tema – les svaret mitt i DN laurdag til Tore Vamraak sine påstandar om dette.

Den siste påstanden til Oust og Olaussen, at det er «minst like sannsynlig at du kommer til å tape penger som at du kommer til å tjene penger» på bitcoin, held ikkje mål empirisk. Til no i bitcoins historie har det vore vanskelegare å tapa pengar enn å tena på ei investering. Det er sjølvsagt ingen garanti for at det vil halda fram, men forskarar bør ta utgangspunkt i dei data som føreligg og ikkje føreta luftige spekulasjonar om framtida.(Vilkår)Copyright Dagens Næringsliv AS og/eller våre leverandører. Vi vil gjerne at du deler våre saker ved bruk av lenke, som leder direkte til våre sider. Kopiering eller annen form for bruk av hele eller deler av innholdet, kan kun skje etter skriftlig tillatelse eller som tillatt ved lov. For ytterligere vilkår se her.