Ein ting kan Terje Erikstad og eg vera einige om: Bitcoin forsvinn ikkje. Heldigvis, seier eg, dessverre seier han («Er dette starten på slutten for krypto?», DN 8. desember). Men Erikstad gjer same feilen som mange andre, han blandar bitcoin og krypto. Kollapsen i vekslingstenesta FTX og tilhøyrande investeringsselskap Alameda Research har svært lite med bitcoin å gjera og svært mykje med tradisjonell finanssvindel.
Når kryptovalutaer er involvert, blir det finanssvindel på stereoidar.
Sjølv om bitcoin også blir påverka av skandalane i kryptoverda, er det viktig å forstå at bitcoin skil seg frå alle andre kryptovalutaer. Bitcoin har ein desentralitet og ein monetær politikk som står i ein særklasse. Silicon Valley har heller ikkje skjønt det, og dei mange som har brent seg på konkursen i vekslingstenesta FTX og søsterselskapet Alameda Research, skjønte det heller ikkje.
Frå svindelen og den påfølgjande kollapsen i FTX og Alameda Research kan me i alle fall trekkja tre viktige lærdommar:
- «Not your keys, not your coins»: Viss du let bitcoin liggja på ei vekslingsteneste, er det ikkje du sjølv som kontrollerer pengane, men vekslingstenesta.
- Reguleringa av kryptomarkedet, særleg i USA med Securities and Exchange Commission og Gary Gensler i spissen, manglar eit overordna rammeverk. SEC driv regulering frå sak til sak. Gary Gensler hatt private møte med FTX-leiar Sam Bankman-Fried og i staden for å gå FTX etter i saumane har han gått etter Kim Kardashian. Mangel på overordna regulering blir også hindra av «krig» mellom ulike regulatoriske etatar.
- Bitcoin er ikkje krypto. Eigenkapitalen i Alameda Research var «luftpengar» som søster-selskapet FTX hadde laga (valutaen FTT). Så fort nokon ropte «keisaren har ikkje kle», ramla korthuset saman. Og den som ropte dette, var sjefen for verdas største vekslingsteneste, Changpeng Zhao («Cee Zee») i Binance. Binance som var størst frå før, blir no endå meir dominerande og det er ikkje bra.
Men bitcoin produserer ikkje noko og har ingen kontantstraum! Bitcoin produserer ei ny blokk med transaksjonar kvart 10. minutt, kollaps i FTX eller andre tenester eller ikkje. Transaksjonar lagra for all framtid og sikra gjennom verdas sikraste opne system. Bitcoin går som eit urverk, upåverka av all støyen rundt; tikk-tokk – neste blokk. Og akkurat som internett sjølv er det ingen kontantstraum fordi det er ingen eigarar. Det er ingen «bak» bitcoin. Du må ta av fiat-brillene for å forstå det.
Folk flest lever ikkje som oss i Norge og har ikkje økonomi og betalingssystem som oss. Det er også vanskeleg å sjå med tjukke, vestlege brilleglas. Folk flest lever i land med meir eller mindre autoritære regime og dårleg økonomistyring, og utviklinga går dessverre i feil retning.
For å ta eit dagsaktuelt eksempel: Kvinner i Iran vil framleis bli kontrollerte av moralpolitiet for høveleg påkledning, og blokkering av bankkonto er eit av verkemidla som no blir føreslått. Vil dei i så fall ta i bruk bitcoin?
Kanskje ikkje, men berre det at bitcoin finst som eit alternativ, er grunn god nok til å håpa at det skal halda fram og utvikla seg. Og det er det heldigvis all grunn til å tru at det gjer.(Vilkår)Copyright Dagens Næringsliv AS og/eller våre leverandører. Vi vil gjerne at du deler våre saker ved bruk av lenke, som leder direkte til våre sider. Kopiering eller annen form for bruk av hele eller deler av innholdet, kan kun skje etter skriftlig tillatelse eller som tillatt ved lov. For ytterligere vilkår se her.
Når kryptovalutaer er involvert, blir det finanssvindel på stereoidar