Advokatane Kaare Oftedal og Anders Hilt frå DLA Piper skriver om småkraftverk som taper på å oppgradere kapasiteten: «I det øyeblikk et vannkraftverk oppgraderer produksjonskapasiteten til ti MW eller mer, slår grunnrenteskatten inn. Den effektive skattesatsen øker da til 59 prosent – for hele produksjonen» (innlegg i DN 16. september).

Det er enkelt å se at om grensen for grunnrenteskatten blir satt opp, vil det bli nytta av dei som har grunnlag for det. Det kan nok gje litt meir straum, men innlegget viser lite innsikt i forskjellen mellom eit småkraftverk, som hovudregel eit bekkaverk utan magasin, og dei meir etablerte store verka med regulerbare magasin.

Ideen om grunnrenteskatt blei til lenge før dagens småkraftverk var etablert. Regelen er kanskje formålstenleg for dei store, som med magasina kan kjøra turbinen på optimal effekt, og slik utnytta maskineriet 100 prosent. Den er lite relevant for småkraftverka, som må tilpassa seg vatnet i bekken. Med stadig meir skiftande vêr blir turbinen ofte dimensjonert for å ta med seg desse toppane, opp mot tre gonger medelvassføringa.

Då blir det ganske meiningslaust å kreva inn grunnrenteskatt etter kor stor turbinen er. Det bør tenkast på ein annan måte om ein vil ha grunnrenteskatt av småkraftverka. I grunnen er produsert mengde meir interessant enn effekten på turbinen.

For småkraftverka er det òg slik at i starten, når dei tener lite eller ingen pengar, er grunnlaget for eigedomskatten investert kapital. Grunnlaget vert trappa ned (gjennom avskriving) etter kvart som tida går og inntektene veks. Her bør ein og tenka nytt.(Vilkår)Copyright Dagens Næringsliv AS og/eller våre leverandører. Vi vil gjerne at du deler våre saker ved bruk av lenke, som leder direkte til våre sider. Kopiering eller annen form for bruk av hele eller deler av innholdet, kan kun skje etter skriftlig tillatelse eller som tillatt ved lov. For ytterligere vilkår se her.