Dei fleste sentralbankane har prosjekt for utvikling og utprøving av digitale sentralbankpengar (DSP) som erstatning for fysiske kontantar. Med stadig mindre bruk av fysiske kontantar må sentralbankane bestemma seg om dei framleis skal ha ei rolle i pengeproduksjonen eller overlata den fullt og heilt til bankane.
Lengst framme i arbeidet med innføring av DSP er Kina, og det bør få oss til å stoppa opp og tenkja litt over kva instrument dette er og kva det kan bli brukt til.
Norges Bank orienterte om sitt arbeid med digitale sentralbankpengar på økonomifestivalen Kåkånomics i Stavanger nyleg. DSP er tenkt som digitale kontantar utferda av Norges Bank. Som ein del av presentasjonen vart det også vist fram designskisser frå ei mastergradsoppgåve der det vart sett på ulike måtar å bruka DSP til å oppnå andre formål.
Det var kopling til karbonkonto, frivilligkonto og andre tiltak.
Det som vart framstilt som spennande tilleggsmulegheiter, fekk det til å gå kaldt nedover ryggen på fleire. Nokså ufrivillig fekk ein her effektivt demonstrert korleis DSP i verste fall kan brukast til å detaljstyra handlingane våre og koplast til system for ønska oppførsel, slik me alt ser innført i Kina.
DSP er pengar som kan programmerast, i motsetnad til dagens fysiske kontantar, og på den måten kan staten finsikta bruken av dei. Dei kan, som demonstrert under Kåkånomics, koplast til ulike verkemiddel. Dei kan også utstyrast med utløpsdato slik at dei må brukast innan ei viss tid for å halda oppe forbruket.
Vegen til helvete er som kjent brulagd med gode intensjonar, og DSP er det perfekte overvakings- og kontrollsystemet.
Men i Norge har me vel ingen ting å frykta, med eit godt utvikla demokrati og eit velfungerande pengesystem?
Det beste kontrollspørsmålet er «Kan nokon garantera at det noverande styresettet vil vara også i framtida?». Det kan sjølvsagt ingen garantera, og det bør vera god nok grunn til å skrinleggja forslaget om digitale sentralbankpengar.(Vilkår)Copyright Dagens Næringsliv AS og/eller våre leverandører. Vi vil gjerne at du deler våre saker ved bruk av lenke, som leder direkte til våre sider. Kopiering eller annen form for bruk av hele eller deler av innholdet, kan kun skje etter skriftlig tillatelse eller som tillatt ved lov. For ytterligere vilkår se her.