Maria Moræus Hansen tek opp temaet i nyttårsinnlegget sitt i DN. Konklusjonen hennar er at «de fleste seriøse prognosar viser at fornybare teknologiar vil auke sin andel i produksjon og forbruk, mens fossilandelen vil falle. Men på grunn av et aukande globalt energibehov vil etterspørselen etter olje og gass vere høgare om ti år enn i dag».

Spørsmålet er om premissane for denne konklusjonen er riktig.

I debattar og i prognosar er ulike energiomgrep brukt om kvarandre, utan at det alltid er klart kva det er snakk om.

I mange rapportar står det om behovet for primærenergi, og gjennom ulike framskrivingar konkluderer ein med at olje og gass vil vera viktig i mange tiår framover. Men det er uklokt å berekna framtidig energibehov utan å ta omsyn til at overgang til fornybar energi reduserer energibehovet.

Folk etterspør energitenester som lys, varme og transport. Fornybar energi leverer desse tenestene meir effektivt enn fossil energi.

I gjennomsnitt vert berre 40 prosent av primærenergien omdanna til elektrisk kraft i verdas kolkraftverk. I transportsektoren vil overgang til elbilar basert på fornybar energi gjera at ein berre treng cirka 25 prosent av den energien som trengst når ein baserer seg på fossil energi.

Ved å rekna med behovet for primærenergi, vil prognosane gje for høge estimat for etterspørselen etter olje, gass og kol 10–20 år fram i tid.

Vi bør derfor slutta å laga prognosar for behovet for primærenergi og heller fokusera på å vurdera behovet for energitenester. Presis omgrepsbruk og kritisk gjennomgang av premissane i rapportar som World Energy Outlook er avgjerande for å kunna svara godt på spørsmålet om kor mykje energi verda vil trengja om 10–20 år.(Vilkår)Copyright Dagens Næringsliv AS og/eller våre leverandører. Vi vil gjerne at du deler våre saker ved bruk av lenke, som leder direkte til våre sider. Kopiering eller annen form for bruk av hele eller deler av innholdet, kan kun skje etter skriftlig tillatelse eller som tillatt ved lov. For ytterligere vilkår se her.