Terje Erikstad i DN har endra karakter, og det er fascinerande – for å låna hans eigne ord. Erikstad har vore blant dei aller største motstandarane av bitcoin og har dømt valutaen og systemet nord og ned ved fleire høve.

Eg kan gi Erikstad rett i ein ting: Bitcoin som verdioppbevaring («store of value») har vorte meir tydeleg, men for dei som kjenner utviklinga i bitcoin er det på området betaling/verdioverføring det vil skje mest i den kommande tida. Her er det Lightning Network som opnar for mange nye bruksområde, med lynraske overføringar til svært små gebyr.

Eit par eksempel kan tena til å underbyggja dette. Betalingsløysinga Strike Global tilbyr betaling globalt basert på bitcoin og Lightning Network, etter kvart skal løysinga omfatta dei fleste landa i verda. Men brukaren ser ikkje bitcoin; ho overfører «vanlege» pengar og mottakaren får også «vanlege» pengar. Det er betalingssystemet bitcoin/Lightning Network som gjer det muleg. Her til lands arbeider bedrifta Arcane Crypto med liknande løysingar, særleg retta mot bedriftsmarknaden. Og mange fleire vil komma fordi bitcoin og Lightning Network er opne system som kven som helst kan ta i bruk.

Det er dette Terje Erikstad, og mange med han, ikkje ser. Bitcoin er meir enn verdioppbevaring; det er eit betalingssystem som vil konkurrera med Swift, Sepa, Paypal og mange andre. Eg er overtydd om at bitcoin har best sjanse til å bli det globale overføringssystemet. I kombinasjon med Lightning Network vil det bli eit Vipps for heile verda.(Vilkår)Copyright Dagens Næringsliv AS og/eller våre leverandører. Vi vil gjerne at du deler våre saker ved bruk av lenke, som leder direkte til våre sider. Kopiering eller annen form for bruk av hele eller deler av innholdet, kan kun skje etter skriftlig tillatelse eller som tillatt ved lov. For ytterligere vilkår se her.