Bitcoin er meir enn eit energisluk

Dagens Næringsliv har store motførestillingar mot bitcoin og uttrykkjer på leiarplass 10. mars at energibruken er meiningslaus. Dessverre hengjer DN seg på ein useriøs argumentasjon utan interesse for å undersøkja fakta i saka.

Bitcoin er truleg det einaste håpet vårt for eit framtidig betalingssystem som ikkje er 100 prosent overvaka av styresmakter og teknogigantar, skriv artikkelforfattaren.
Bitcoin er truleg det einaste håpet vårt for eit framtidig betalingssystem som ikkje er 100 prosent overvaka av styresmakter og teknogigantar, skriv artikkelforfattaren. (Foto: Lucy Nicholson/Reuters/NTB Scanpix)

For å kunna føra ein fornuftig debatt om energibruken må vi først få fram fakta og deretter kan vi diskutera det normative; altså om dette er nyttig eller ikkje. Å starta med moraliserande påstandar fører ikkje til meir innsikt.

Svein Ølnes
Svein Ølnes

Ja, bitcoin krev store mengder energi. Det er for å sikra blokkjeda, altså gjera transaksjonane trygge, ikkje for å utvinna nye bitcoin. Mange misforstår dette, men eg ville forventa at DN set seg såpass inn i saka at dei forstod det.

Sikringa gjer at verdiar kan overførast utan bruk av mellomledd som f.eks. bankar. Energi-innsatsen gjer bitcoin til det sikraste opne datasystemet som finst, ein stor verdi sett i lys av dei mange hacking-skandalane i det siste, f.eks. SolarWinds som DN har skrive detaljert om.

Bitcoin-systemet blir sikra av ein metode kalla proof of work – bevis på utført arbeid. Metoden går ut på å finna eit tal ved hjelp av ein matematisk operasjon kalla ein hash-funksjon. Påstanden om at ingen har bede om svar på ein slik operasjon er feil.

DN mener: Graving etter bitcoin vil sette regjeringens datasenterdrømmer på prøve dnPlus

Det faktum at mange er villige til å betala ganske store gebyr for å gjennomføra transaksjonar viser at det ikkje er tilfelle. Det er vel i samsvar med DNs ideologi at når nokon er villige til å betala for noko, har det verdi?

Det er enorm konkurranse i gravearbeidet (proof of work) der energikostnadene og bitcoin-kursen er dei to viktigaste faktorane. Den harde konkurransen gjer at aktørane må finna fram til den billegaste energien.

Det er gjerne energi som elles ville ha gått tapt, f.eks. store mengder vasskraft i dei kinesiske provinsane Sichuan og Yunnan. Forskarar har funne at det årleg er rundt 60 TWt unytta vasskraft i desse regionane.

Hva skjer hvis Røkke vinner sitt bitcoin-veddemål? dnPlus

Eit anna veksande område er bruk av naturgass frå landbasert oljeutvinning i USA. Tal frå U.S. Energy Information Administration viser at det årleg blir brent eller sleppt ut rundt 160 TWt energi i form av gass.

Norge kan bidra til at fornybardelen av energibruken i bitcoin blir høgre enn dagens 50–75 prosent. Ein stor del av bitcoin-investeringane er spekulasjonsdrivne, akkurat som investeringar i aksjar og andre verdipapir.

Men i mange land er bitcoin eit viktig alternativ som vern mot høg inflasjon. I mange diktatur er det eit viktig, overvakingsfritt system for overføring av verdiar til opposisjonelle.

Kjell Inge Røkke brukte mange måneder på å lære om bitcoin – satser en halv milliard dnPlus

Bitcoin er truleg også det einaste håpet vårt for eit framtidig betalingssystem som ikkje er 100 prosent overvaka av styresmakter og teknogigantar. bitcoin vil også bli ein konkurrent for betalingar på tvers av landegrenser, eit område som i dag er svært ineffektivt.

DN fryktar at valutaer som bitcoin skal undergrava det eksisterande betalingssystemet, men det er å leva i fortida. Digitale valutaer har vore her lenge, og verda vil ha dei. Det liknar ikkje ei liberal finansavis å stilla seg i vegen for nye innovasjonar.(Vilkår)Copyright Dagens Næringsliv AS og/eller våre leverandører. Vi vil gjerne at du deler våre saker ved bruk av lenke, som leder direkte til våre sider. Kopiering eller annen form for bruk av hele eller deler av innholdet, kan kun skje etter skriftlig tillatelse eller som tillatt ved lov. For ytterligere vilkår se her.