«Forskingsrådet deltek i dei internasjonale diskusjonane» fortel direktør John-Arne Røttingen i DN 18. juni. Takk! Det er gildt å høyra, ikkje overraskande — og sikkert både kjekt og kostbart. Ingen tvilar på det. Men samtidig skyr rådet unna nasjonal diskusjon — om passande program, styring og vurdering.

La meg her drøfta berre det siste — no for tredje gong i DN, hittil utan svar. Underskrivne har alltid meint at somme seriøse tidsskrift gjennomgåande har høgre kvalitet og sterkare gjennomslag («impact») enn andre. Røttingen rapporterer i DN 4. mai rådets sterkt avvikande syn: «Impact» «sier ingen ting om kvaliteten til den enkelte artikkel». Er dette eit aksiom? Av lokal eller global status? Kjenner rådet mange meritterte forskarar med same syn?

Samsvarar vurderinga med nasjonal praksis, som graderer premie etter tidsskriftsnivå? Kan det medføra problem at rådet er «tydelige på at hvor forskningen er publisert ikke skal brukes i vurdering av enkeltforskeres kvalifikasjoner»?

Røttingen tilføyer i DN 18. juni «at det er risikabelt eine og åleine å lene seg på tidsskriftet sitt namn og rykte.» Naturlegvis. Det meiner alle, men — ulikt rådet — vil svært få sjå heilt bort frå status. I forsking — som i fotball — finst høgre divisjonar og særskilt krevjande arenaer. Det hierarkiet blir stadig endra — og utfordra, for eksempel av James Heckman og Ariel Rubinstein. Som framgangsrik forskar veit Røttingen at skandalar (som i Lancet eller New England J. Medicine) blir synlege fordi mange bryr seg der — ikkje der sjefen er slepphendt, sakkunnige søv eller manglar, og ingen tar ting tungt. Kort sagt, kritikk og seleksjon har vanskelege kår i forsking. Og i forskingsråd!

Kvifor tar rådet ingen kritikk? Grunnane synest vera fleire. Strategi-programmet lovar «Idékraft verden trenger», og invitasjonen til konferanse fortel at «vi er ekstra stolte av at vår visjon står sterkt i det ansvaret vi har.» Eg finn ordbruken ørlite sjølvtilfreds og sjølvskrytande — utanfor vanleg sjenanse — og fjern frå kva nokon forskar ville våga å sei. Eg skulle likt skarpare skilje mellom deklamasjon og prestasjon. Røttingen utdjupar i DN 9. juni rådets «tre hovedmål: Bærekraftig utvikling, grensesprengende forskning og radikal innovasjon, og omstilling i næringsliv og offentlig sektor.» Samtidig tilkjennegir han preferanse for å «ha et øye på hver finger.» Greitt nok, men kanskje er faste fingergrep, med augo på rett plass, like produktivt.

Kort sagt, Forskingsrådet brukar — om att og om att — så mykje energi på sjølvlegitimering at ingen kritikk når fram. Og no stiller rådet opp enno ein vernande skjerm. Mine synspunkt blir i DN 18. juni kalla invektiv. Og fagfellene Torsvik og Mogstad synest å levera uklare insinuasjonar.

Melder rådet seg dermed inn i klubben for krenka — spesialavdeling for privilegerte? Triste greier.

Lesaren av DN vil kanskje finna mi uro, i denne saka, akademisk? Nei, absolutt ikkje. Det viktigaste våre universitet leverer er gode og kritiske kandidatar som ser kor vanskeleg forsking er — og kor lett aktiviteten blir korrumpert av svada og programmatisk styring.(Vilkår)Copyright Dagens Næringsliv AS og/eller våre leverandører. Vi vil gjerne at du deler våre saker ved bruk av lenke, som leder direkte til våre sider. Kopiering eller annen form for bruk av hele eller deler av innholdet, kan kun skje etter skriftlig tillatelse eller som tillatt ved lov. For ytterligere vilkår se her.