Regjeringa har foreslått å flytte grensa for iskantsona lengre sør, og at den skal vere ei fast og føreseieleg grense for petroleumsverksemd. Det er bra for miljøet, det skaper klårleik og føreseielegheit for oljenæringa, og det er ei løysing det er politisk realistisk å få til.

Den nye grensa er ikkje berre ei grense for eit særlig verdifullt og sårbart havområde. Ho er ei grense for kor langt mot nord ein skal ha petroleumsverksemd. Kor ein trekkjer ei slik grense er basert på ei samla, politisk vurdering, tufta på faglege råd. Regjeringa sitt forslag flyttar gjeldande grense sørover.

I DN 13. mai ber Frode Pleym og Halvard Raavand frå Greenpeace Arbeiderpartiet rydde opp og flytte grensa endå lengre mot sør. Då vil grensa omfatte store område der det allereie er tildelt løyve til oljeleiting og aktiviteten er i gong. Ap har antyda at det er mogleg å tenke seg ei slik løysing, men utan at grensa er ei grense for petroleumsverksemd.

Prisen for å flytte grensa for iskantsona som eit særleg verdifullt og sårbart område så langt mot sør, vil i så fall bli at grensa ikkje samstundes blir ei tydeleg og fast grense for petroleumsverksemd.

Når miljørørsla ber Stortinget om å skyte ned regjeringa sitt forslag, er det dermed fare for at vi igjen får same type løysing som då den raudgrøne regjeringa fekk opna Barentshavet søraust for petroleumsverksemd i 2013 – grensa gjeld på papiret som grense for eit særleg verdifullt og sårbart område, men ikkje i praksis som grense for petroleumsverksemd. Resultatet den gongen vart at petroleumsverksemda rykka vidare nordover, med risikoen det representerer for den sårbare naturen i iskantsona. Det vil ikkje vere ei ønskereprise for miljøet, og heller ikkje for miljørørsla.(Vilkår)Copyright Dagens Næringsliv AS og/eller våre leverandører. Vi vil gjerne at du deler våre saker ved bruk av lenke, som leder direkte til våre sider. Kopiering eller annen form for bruk av hele eller deler av innholdet, kan kun skje etter skriftlig tillatelse eller som tillatt ved lov. For ytterligere vilkår se her.