Om ein prøver, lærer ein fort at å tisse i buksa gjer berre ein kortvarig lukke, og spesielt når det er kaldt ute. Slik oppfattast eit forslag om å kutte i elavgifta når vi står midt i ei satsing som skal flytta Norge inn på eit grønare spor.

At nordmenn må skru av lyset i rom dei ikkje er, for å spara – vil ikkje vera noko ulempe. Det er faktisk ein miljøgevinst om vi klara å redusera forbruket vårt med enkle tiltak. Pris er eit av dei tiltak som vi veit har virka.

Vi treng ei opprusting av distribusjonsnettet for å kunne møta behova for straum, og det er ikkje berre i byane vi skal ha tilgang til større effekt som vi skal kunne nytta straum til fleire føremål.

Vi må sikra ein forsyningstryggleik også når det er kaldt – og vi må tåla at straumen ikkje er «gitt vekk» slik som vi i Norge har vore vant til. Det har lenge vore ein særs låg pris i Norge om ein samanliknar med våre naboar og resten av Europa.

Ei endring av forbruksmønsteret vil og kunne gje opning for andre løysingar, som både kan skapa lokale arbeidsplass og tilleggsverdi med utnytting av ressursar som elles hadde gått tapt.

Senterpartiet taler godt for økt bruk av bioenergi, men å senke elavgifta og ynskje meir bioenergi er steg i ulik retning – stabile rammevilkår skaper meir tryggleik for å satsa.

Vi må ikkje la oss skremma at eit år med litt låg fyllingsgrad i magasina – no må politikare halda fokus på dei langsiktig måla og ikkje skli av sporet grunna valflesk.(Vilkår)Copyright Dagens Næringsliv AS og/eller våre leverandører. Vi vil gjerne at du deler våre saker ved bruk av lenke, som leder direkte til våre sider. Kopiering eller annen form for bruk av hele eller deler av innholdet, kan kun skje etter skriftlig tillatelse eller som tillatt ved lov. For ytterligere vilkår se her.