Kristin Clemet svarer i Dagens Næringsliv 27. februar på min kronikk som argumenterer for behovet for skattereform (i DN 25. februar). Ho ser ut til å tru at vi norske akademikarar som deltar i skattedebatten, ikkje er opptatt av verdiskaping.
Det er sjølvsagt feil.
Som DNs lesarar nok skjønner, er det ikkje mogleg innanfor kronikkformatet å både argumentere for behov for skattereform ut frå utilsikta tilpassingar og effektar på ulikhet, og samstundes utforme eit fullt mandat med alle forutsetningar som ligg til grunn for eit velfungerande skattesystem.