Det verkar å vere innebygd i den nyklassisistiske økonomien at overskot skapast gjennom utbytting av natur eller arbeidskraft. I sin kommentar i DN 23. juli bekymrar professor i samfunnsøkonomi Victor Norman seg for at mange lavtløna jobbar er effektivisert bort og at dette tomrommet er til hinder for å få fleire i jobb. Det er fort å tenkje at Norman ønskjer å ta vare på tullejobbane, då mykje av dei automatiserte jobbane som er borte er manuelt monotone og lite utviklande for individet.
Til tross for at han plasserar ansvaret for dette hos sosialdemokratiet, foreslår Norman å gjere arbeidskrafta billigare med subsidiering som lignar ein typisk sosialdemokratisk medisin. At dette kjem frå ein tidlegare høgreminister er noko overraskande, men det er òg skuffande at han sjølv fell i den sosialdemokratiske gryta. Det gode poenget til Norman er at kostnadane for lønsarbeid i den nedre skalaen må ned. Her finn me verdifulle jobbar i transport og omsorg. Paradokset det avdekk er enten større aksept for sosial dumping eller at staten må plukke vinnarar blandt lavtlønsyrker, eventuelt overta drifta i lavtlønsyrkene for å gje arbeidarane levelege løner.
Det er for så vidt fint om staten tek ein del av rekninga så ein unngår sosial dumping. Dessverre har høgremannen skygga for professoren i dette tema.
Den opplagte løysinga er grunninntekt. Det er enkelt å konstruere grunninntektsmodellar som gjev arbeidstakarar med løn opptil 400.000 kr i årsinntekt eit løft. Det er ikkje urimeleg å tru at med grunninntekta får ein folk til å ta jobbar som faktisk er dårlegare løna enn i dag. Samstundes vil arbeidstakarane kunne takke nei til underbetalte tullejobbar og berre jobbar med samfunnsøkonomisk verdi vil overleve. I motsetting til fattigdomsfellene ein får frå trygding med avkorting om ein tek jobb, vil det alltid løne seg å jobbe samstundes som usikkerheten mot å dette heilt ut av samfunnet minkar monaleg.(Vilkår)Copyright Dagens Næringsliv AS og/eller våre leverandører. Vi vil gjerne at du deler våre saker ved bruk av lenke, som leder direkte til våre sider. Kopiering eller annen form for bruk av hele eller deler av innholdet, kan kun skje etter skriftlig tillatelse eller som tillatt ved lov. For ytterligere vilkår se her.