Aker si nye satsing på kapitalforvaltning, med tidlegare oljefondsjef Yngve Slyngstad i spissen, er spennande. «Verden står overfor et energiskifte med store investeringsmuligheter», uttalar han. Målet er å bygga eit fond på 1000 milliardar.

Underteikna er styreleiar i Oslo Pensjonsforsikring (OPF), 100 prosent eigd av Oslo Kommune, med omlag 120 milliardar til forvaltning. Produktet Oslo Pensjonsforsikring leverer, er offentleg pensjon, det mest langsiktige spareproduktet som eksisterer. Tidshorisonten er perfekt match for Aker si nye satsing, og grøne investeringar har lenge vore eit sentralt satsingsområde for Oslo Pensjonsforsikring.

Likevel kjem me neppe til å vurdera å investera i Aker si nye satsing. Årsak: Finanstilsynet meiner at ei slik investering er «outsourcing» av vår eigen kapitalforvaltning, ikkje investering i eit finansielt produkt.

Konsekvens: Kostnadene hos Aker skal inn i vårt rekneskap frå dag ein og deretter belastast kundane våre. Det kjem naturleg nok ikkje kundane til å akseptera, det ville umiddelbart ha medført eit redusert velferdstilbod til innbyggarane i Oslo.

Oslo Pensjonsforsikring og bransjen forøvrig er usamde i Finanstilsynet si regelverkstolking, men dette er mat for finjuristane.

Les også: På innsiden av Aker-duoens største deal: Røkke og Eriksen dro grytidlig med privatfly til Lundin-frokostmøte i Sveits

Sjøl er eg mest trist. Trist på vegne av Oslo Pensjonsforsikring, våre kundar og dei generasjonane unge som veks opp. Trist for at me i praksis blir utestengde frå å investera i den heilt naudsynte, grøne omstillinga industrien skal gjennom.

Men Trygve Slagsvold Vedum og Jonas Gahr Støre har kanhende same ambisjonar for framtida som meg? Dei har iallefall makt til å overprøva Finanstilsynet (saka ligg i Finansdepartementet). Til beste for framtida, for miljøet og for våre kundar.(Vilkår)Copyright Dagens Næringsliv AS og/eller våre leverandører. Vi vil gjerne at du deler våre saker ved bruk av lenke, som leder direkte til våre sider. Kopiering eller annen form for bruk av hele eller deler av innholdet, kan kun skje etter skriftlig tillatelse eller som tillatt ved lov. For ytterligere vilkår se her.