Blokkjedeentusiast og gründer Jon Ramvi skriv i eit innlegg 30. desember korleis blokkjeder kan gjera velferdsstaten meir effektiv. Men forslaget hans om at kvar person kan ta ansvar for eiga loggføring ved hjelp av denne teknologien, er ein dårleg idé.
Blokkjedeteknologi har mange fordeler, men er ingen garantist for at informasjonen som blir lagra, er sann. Her ligg den viktigaste grunnen til at det så langt berre er kryptovaluta og tenester bygde på valutaen som har vorte ein suksess.
Den einaste informasjonen me kan stola på i opne blokkjeder, er den innebygde informasjonen i form av kryptovaluta. All annan informasjon som blir registrert på ei blokkjede, må kvalitetssikrast av ein tiltrudd tredjeperson.
Dermed er me på mange måtar tilbake til det problemet blokkjeder skulle løysa.
Det betyr ikkje at det ikkje finst potensial for å ta i bruk blokkjeder på andre område enn økonomi, men at det er viktig å forstå kva teknologien kan gjera for oss, og – ikkje minst – kva den ikkje kan gjera.
Nick Szabo, ein kjend person i kryptomiljøet og ein av dei som la grunnlaget for bitcoin og seinare blokkjedesystem, har sagt det på denne måten: «Blockchains don’t guarantee truth; they just preserve truth and lies from later alteration».
Både sann og usann informasjon kan lagrast på ei blokkjede, men blokkjeda vil gjera det vanskeleg å endra informasjonen i ettertid.(Vilkår)Copyright Dagens Næringsliv AS og/eller våre leverandører. Vi vil gjerne at du deler våre saker ved bruk av lenke, som leder direkte til våre sider. Kopiering eller annen form for bruk av hele eller deler av innholdet, kan kun skje etter skriftlig tillatelse eller som tillatt ved lov. For ytterligere vilkår se her.