Stadig sentralisering av staten er ille nok. Grensa bør gå ved sentralisering av rettsstaten.

Statlege tenester skal i framskrittets namn flyttast vekk frå store delar av befolkninga, når regjeringa ivrar etter å sentralisere til dømes lensmannskontor, skattekontor, og Nav-kontor. No skal Høgres definisjon av framskritt også ramme domstolane. I regjeringas framlegg til domstolreform skal 37 tingrettar og 15 jordskifterettar leggast ned.

Støttehjulet til regjeringa, Frp, sa heilt tydeleg før sommaren at dei ville berge alle desse førsteinstansdomstolane saman med oss i Sp, Ap og SV. No har Frp opna for å forhandle dei vekk i forhandlingane om neste års statsbudsjett. Partiet vil altså ikkje gjera det som er rettast for å sikre høg rettsikkerheit og gode, tilgjengelege domstolar for innbyggarane i framtida. Dei opnar heller for å byte dei bort mot ein bomstasjon mindre her og billigare sprit der.

I ein kommentar i DN lørdag bruker Bård Bjerkholt Riksrevisjonen som sannheitsvitne om effektivitet i ulike domstolar, men i rapporten til riksrevisjonen kom somme domstolar både urimeleg godt og urimeleg dårleg ut fordi dei hadde målt på ein uhensiktsmessig måte.

Når det gjeld argumentet om kvalitetsforskjell mellom store og små tingrettar, føreligg det ingen dokumentasjon som tilseier dette, ifølge lagmennene Jordal og Frantzen i Gulating lagmannsrett.

Noreg ligg heilt i verdstoppen når det gjeld rettssikkerheit med dagens domstolstruktur. Norske innbyggarar har i dag tilgang til ein rettsstat av høg kvalitet over heile landet. Det er uhaldbart om det blir gjennomført nok eit sentraliseringsprosjekt utan god grunn.(Vilkår)Copyright Dagens Næringsliv AS og/eller våre leverandører. Vi vil gjerne at du deler våre saker ved bruk av lenke, som leder direkte til våre sider. Kopiering eller annen form for bruk av hele eller deler av innholdet, kan kun skje etter skriftlig tillatelse eller som tillatt ved lov. For ytterligere vilkår se her.