For å nå målet om å halde global oppvarming under 1,5 grader, må vi halvere verdas utslepp til 2030. Kva skjer i røynda? Vel, norske utslepp går ikkje ned. I 2020 anslår statsbudsjettet at dei vil vere på 1990-nivå.

Vi når ikkje klimamålet for 2020.

I budsjettet er det gjort ei framskriving som syner at utsleppa vil gå ned med 14,9 Prosent frå 2018 til 2030. Den tek ikkje omsyn til framtidige tiltak. Det er difor grunn til å tru at resultatet kan bli lågare. Det kjem heilt an på kva klimapolitikk vi vedtek. Sidan framskrivinga er langt unna den halveringa vi bør ha, vil det krevje langt sterkare tiltak enn det regjeringa har presentert til no.

I ein kommentar onsdag peikar Kjetil B. Alstadheim på at eg omtaler det som at regjeringa «legg opp til» for lite utsleppskutt. Greitt nok, eg burde sagt «legg til grunn». Men poenget mitt står seg:

Noreg vil nå vårt klimamål til 2030. Vi er faktisk dømt til det, gjennom det europeiske kvotesystemet, eit regelverk for skog og innsatsfordelingsforordninga (ja, den heiter det). Noreg har avtalt eit mål med EU, men vi har ikkje avtalt om vi har tenkt å bidra gjennom kutt i Noreg.

Det siste er viktig: Vi er eit av landa i verda med høgast utslepp per innbyggar, langt høgare enn EU. Det skulle berre mangle at vi tar ansvar. Minst like viktig er det å omstille norsk økonomi.

Det er uklokt å la andre omstille seg raskt, medan vi i liten grad gjer det. Difor er det viktig at norske utslepp går kraftig ned. Då trengst det ein langt tøffare klimapolitikk.(Vilkår)Copyright Dagens Næringsliv AS og/eller våre leverandører. Vi vil gjerne at du deler våre saker ved bruk av lenke, som leder direkte til våre sider. Kopiering eller annen form for bruk av hele eller deler av innholdet, kan kun skje etter skriftlig tillatelse eller som tillatt ved lov. For ytterligere vilkår se her.