Sidan det vart avklart at studentar ikkje har krav på dagpengar ved permittering då dei er under utdanning, har me lege i havet og plaska, ventande på redningsskøyta som skal plukke oss opp. Fredag kom meldinga om at det var ei jolle på veg.

Tal frå SSB syner at om lag seks av ti studentar har ei form for inntekt ved sida av studiene. Desse studentane er ofte tilsett hjå serveringsstader og i handelsnæringa, to næringar som ser ein straum av permitteringar. Samstundes som studentane, som alle andre, blir bedne om å halde seg heime, har me i den siste tida kunne lese uttallege artikklar om studentar som er naudt til å flytte heim grunna inntektstap som ein ikkje får dekka.

Jonas Økland.
Jonas Økland. (Foto: Privat)

Løysinga på dette skulle altså vera å opne for at studentar som privatpersonar kan ynskje seg meir lån. Ordninga er rett og slett eit hån mot dei skattebetalande studentane. Studentar på lik linje jobbar forskjellege mengder, og betalar forskjelleg mengde skatt, men forventar med det å vera inkludert i dei same velferdsordnignane som resten av befolkinga. Her sender statsråden Henrik Asheim heller studentane eit Mastercard i posten.

«Studentene får penger nå», svarar Asheim studentane i Universitetsavisa fredag. Nei, studentane lånar pengar, og skal betale tilbake med renter når resten av befolkninga blir høyrt i denne krisa og får tilpassa og forbetra velferdsordningar. Det er usmakleg av Asheim å be «studentane tenke gjennom hvor musikalsk reaksjonane deres er med tanke på hvor mange menneske som har så store utfordringer».

Studentane ynskjer å hjelpe i denne vanskelege situasjonen. Me ser fleire studentar i media som bidreg som friviljuge i helsesektoren i ei slik tid. Men for ei samfunnsgruppe som allereie har økonomien som ei stor bekymring, vert lange heimreiser til andre, kanskje mindre påverka delar av landet einaste løysing for å få hjula til å gå rundt.(Vilkår)Copyright Dagens Næringsliv AS og/eller våre leverandører. Vi vil gjerne at du deler våre saker ved bruk av lenke, som leder direkte til våre sider. Kopiering eller annen form for bruk av hele eller deler av innholdet, kan kun skje etter skriftlig tillatelse eller som tillatt ved lov. For ytterligere vilkår se her.