Vi som hadde følgd med på høgreekstreme miljø ei stund er utmatta. Utmatta av festtaler, komitear og tomme tiltak. Vi er utmatta av radikaliseringsprosesser som spring løpsk, og at vi ikkje lenger klarar å halde følgje. Det ekstreme tankegodset og konspirasjonsteoriane som motiverte Anders Behring Breivik for ti år sidan framstår no som nesten naive og uskuldige. Spor av dei dukker opp i det offentlege ordskiftet og vert oftare enn vi ønskjer akseptert.

Samstundes ser vi langt meir ekstremt tankegods ta plass i sosiale medier. Eurabiateoriar og frykt for islam vert erstatta av terrorakselerasjonistar og nazistar heilt ned i tenårene på TikTok og skjulte grupper på Telegram.

Ein amerikansk president lot seg egge opp av høgreekstreme «alt.right-erar». Han sjølv egga opp konspirasjonsteoretikarar til å freiste eit statskupp då han tapte valet. Desse folka har sine tilhengjarar her heime. Og dei har ikkje blitt avskrekka av dugnad i kommentarfeltet eller å ha blitt inkludert i det offentlege ordskiftet.

Her heime demonstrerer SIAN og konspirasjonsteoretikarar side om side med nazistane i Den nordiske motstandsrørsla.

For ti år sidan vart samtala dominert av ein tru på at anonymiteten i kommentarfeltet var det store problemet, og at folk ikkje ville seie dumme ting, eller la seg inspirere til dumme ting, om alle skreiv under fullt namn. Å påpeike at det allereie då var meir enn nok folk som sa «dumme ting» under fullt namn, hjalp ikkje. Det var anonymiteten som skulle til livs, for å synleggjere det «dumme» og det «farlege» og dei som stod bak. For troll sprekker når det vert lyst.

Men dei gjer ikkje det. Troll vil ha merksemd. Vi nedkjemper ikkje slikt ved å invitere dei i studio for ein «balansert debatt». Dei vert korkje skamfulle eller ansvarleggjort. Dei vert berre legitimert av merksemda dei får. Dette er mislukka strategi. Ingenting av dette kunne ha hindra Philip Manshaus.

Meir demokrati og meir kjærleik er vel og bra. Den einaste kuren eg veit for demokratiets mange problem er eit styrka demokrati. Men det kan ikkje kurere alt.

Dei siste ti åra har det òg blitt ganske så tydeleg kva ansvar internettet har i radikaliseringsprosesser. Vi har snakka laust og fast om ulike nettforum, ekkokamre og filterbobler. Alt dette er vel og bra.

Det finnes forum der ute som du helst ikkje har lyst til å ramle inn i, der vegen er kort inn i lukka grupper full av rasisme, hat og valdsoppmodinger. Grupper med tilknytning til nedlagte Iron March til dømes, der innhaldet var så ekstremt og groteskt at det vil få ein gamal veteran frå 4chan til å dåne. I slike forum finn ein òg spor etter norske ungdommar, men vi veit ikkje kor mange.

Men vi har eit tilleggsproblem i at dei plattformane som vi har gjort vårt offentlege ordskifte avhengig av, ikkje tener det same offentlege ordskiftet. På nettstadar som Facebook er vi og våre politiske meininger eit produkt som kommersielle aktører er avhengig av. Desse tener pengar på oppheita og polarisert debatt, då dette medfører auka aktivitet og difor meir informasjon om kvar og ein av oss.

Dette vert ikkje berre mata inn i algoritmane for å selge oss produkt, men òg for å syne oss det som vi er interessert i å sjå. Desse algoritmane virker skreddersydd for spreiing av falske nyhende og klikkåte, som tener berre til å gjere oss anten forbanna eller distrahert.

Kristian Bjørkelo
Kristian Bjørkelo (Foto: Privat)

Dei same algoritmane er satt til å luke ut ekstremistisk innhald frå straumen vår, og tolker gjerne omtale av ekstremisme og rasisme som eit uttrykk for støtte til dette. Noko som fører til sletting og stenging av profiler.

Resultatet er eit offentleg ordskifte som vi ikkje klarar å kjenne oss att i, på plattformer vi har gjort oss fullstendig avhengige av. Det er lov å bli deprimert. Det er lov å bli opprøyrd. Men vi har vel berre oss sjølve å takke.

All verdas dagslys, tiltaksplanar og dugnader har ikkje hjulpe, og faren frå det ytre høgre er kanskje større idag. Så kva skal ein då gjere? Kva skal vi gjere dei neste ti åra? Eg har berre trauste og keisame forslag. Eit samfunn som tar tydeleg avstand frå rasisme og høgreekstremt tankegods, men som byr på inkluderande meiningsfellesskap og konstruktivt ordskifte.(Vilkår)Copyright Dagens Næringsliv AS og/eller våre leverandører. Vi vil gjerne at du deler våre saker ved bruk av lenke, som leder direkte til våre sider. Kopiering eller annen form for bruk av hele eller deler av innholdet, kan kun skje etter skriftlig tillatelse eller som tillatt ved lov. For ytterligere vilkår se her.