Eg har vore med på handsaminga av representantskapets brev til Stortinget

Til DN 12. august seier Julie Brodtkorb mellom anna at «På avsluttende møte den 11. juni ble det enstemmig vedtatt at representantskapet skulle sende brev til Stortinget. Søberg var ikke til stede på siste del av møte(t), men ga leder fullmakt til at han var med på det flertallet i representantskapet vedtok». Utsegna kan vera eigna til å så tvil om i kva grad eg har vore med på handsaminga av representantskapets brev til Stortinget.

Det offisielle referatet frå møtet vil eliminera all rimeleg tvil i så måte. Alt no kan eg likevel gjera kjent at brevet til Stortinget var fyrste sak på møtet. Då var eg òg med på ein grannsam gjennomgang – setning for setning – av eit utkast til brev. Til sist vart vi samde om koss eit endeleg brev skulle vera utforma. Dinest fekk sekretariatet i oppgåve å reinskriva brevet i samhøve med diskusjonen og dei munnlege konklusjonane i møtet; ein rein formalitet.

Med andre ord har eg for alle praktiske føremål vore med på handsaminga av brevet og, ja, slutta meg til innhaldet.

Brevet til Stortinget vart offentleggjort same dagen. Dinest, gjennom sommaren, vart innhaldet med kvart godt kjent i ålmenta. Men så: høyring i Stortinget 10. august med utgangspunkt i det nemnde brevet. Der og då utvikla saka seg til ei nyhendesak: Til dømes skriv politisk redaktør i Klassekampen, Bjørgulv Braanen, den 11. august at «Den virkelige bomba under arken var likevel spørsmålet om Norges Bank hadde brutt sentralbankloven ved å holde tilbake essensiell informasjon overfor Finansdepartementet».

Mine eigne synspunkt på nett dette – ei noko overraskande utsegn om eit mogleg brot på «grunnlova» til Noregs Bank – har eg gjort noggrant greie for i eit randnotat prenta i DN 12. august.(Vilkår)Copyright Dagens Næringsliv AS og/eller våre leverandører. Vi vil gjerne at du deler våre saker ved bruk av lenke, som leder direkte til våre sider. Kopiering eller annen form for bruk av hele eller deler av innholdet, kan kun skje etter skriftlig tillatelse eller som tillatt ved lov. For ytterligere vilkår se her.