Advokatfirmaet Arntzen de Besche (AdB) har i brev 18. august 2020 konkludert med at «instruksjonsadgangen som ellers gjelder for forvaltningen av SPU, gjelder ikke innenfor rammen av sentralbankloven § 2-13 første ledd». Konklusjonen er svakt underbygd. Det står ingenting om spørsmålet i lovteksten og forarbeida.

§ 2-13 har til overskrift «Daglig ledelse av Norges Banks forvaltning av Statens pensjonsfond utland». Der står: «Hovedstyret skal ansette en daglig leder av Norges Banks forvaltning av Statens pensjonsfond utland på åremål for en periode på fem år. Åremålet kan gjentas for ytterligere en periode på inntil fem år.» I andre ledd er oppgåvene til dagleg leiar utdjupa og i tredje ledd er det fastsett avgjerdsfullmakter.

Ola Mestad
Ola Mestad

Det rettslege spørsmålet er om § 2-13 avskjer ein instruksjonsrett for Finansdepartementet som elles gjeld. At det generelt gjeld slik instruksjonsrett, er AdB og eg einige om. Og Finansdepartementet har uttalt det generelt sjølv (Meld. St. 7 (2018-2019) s. 99). Grunnlaget er grunnlova § 3, som legg den utøvande makta i staten til regjeringa (Kongen), og som gir regjeringa rett til å organisere og instruere om forvaltninga av statens eigedom.

§ 1 i lov om Statens pensjonsfond (SPU, Oljefondet) fastset at «Midlene i Statens pensjonsfond eies av staten.» Vidare er det i lova § 3 fastsett at Statens pensjonsfond «forvaltes av [Finans]departementet» og «plasseres som innskudd på konto i Norges Bank».

Var det i 2019 meininga å vedta ei endring frå det som gjaldt før?

I den tidlegare lova var ingenting fastsett om dagleg leiar av SPU. Det må tyde at då gjaldt den generelle instruksjonsretten. Eg går ut frå at AdB er einig i dette. Ville ein forandre dette, måtte det vore nemnt i forarbeida. Derimot er det omfattande diskusjon i forarbeida av instruksjonsrett ved sentralbankfunksjonen fordi ein endra den paragrafen. Det er nærliggjande at ein òg ville nemnt det om det var ei endring for forvaltningsoppgåva.

Kva var poenget med å innføre § 2-13?

Det sentrale for Gjedrem-utvalet synest å ha vore å vise i lova at kapitalforvaltninga var ei separat verksemd innanfor banken, slik banken alt i praksis hadde organisert seg. I arbeidet la Finansdepartementet først fram ei stortingsmelding (Meld. S. 7, 2018-2019). Der sa det seg einig i at ein skulle lovfeste «den praksis som i dag gjelder med at hovedstyret utpeker daglig leder for forvaltningen av SPU» (s. 36). I tillegg blei det nemnt at ein ville vurdere åremål for stillinga. Heller ikkje i lovproposisjonen eller i Stortinget blei det sagt noko om avskjering av instruksjonsrett.

Dei einaste direkte haldepunkta i lovarbeidet som AdB viser til som grunnlag for si tolking at § 2-13 avskjer instruksjonsrett for departementet, er ordlyden i § 2-13, som ikkje seier noko om det, og eit sitat frå spesialmerknadene i proposisjonen der det står at «i første ledd pålegges hovedstyret å ansette en daglig leder for Norges Banks forvaltning av Statens pensjonsfond utland for en periode på fem år» (AdB s. 9).

Det er klart at sjølv om banken har kompetanse og plikt til å tilsetje dagleg leiar, kan ikkje det i seg sjølv avskjere instruksjonsretten om korleis kompetansen skal brukast og plikta gjennomførast.

Derimot sa proposisjonen: «Departementet mener at hovedstyret bør ha rutiner for arbeidet med å tilsette daglig leder for den operative forvaltningen av SPU som gir departementet anledning til å gi innspill til kompetansekrav for stillingen før denne lyses ut. Departementet bør også informeres om aktuelle kandidater før hovedstyret fatter sin beslutning.» (Prop.97 L (2018-2019) punkt 6.4.4.4)

Dette les AdB slik at «Selv om Finansdepartementet ikke har instruksjonsrett», så er det likevel uttalt noko om «rutiner» ved tilsetjing (AdB s. 9).

Ei svært mykje meir nærliggjande lesing av dette, er at dette er informasjonsplikter som føreset instruksjonsrett både om kvalifikasjonar og personval.

Kva skulle elles vere føremålet med å orientere departementet?

Når ein vurderer om eit forvaltningsorgan skal vere uavhengig av instruks frå overordna, ser ein ofte på om det er særlege grunnar til det, for eksempel at det er tale om eit tvisteløysingsorgan eller særskilt krevjande faglege skjønn. Det er ikkje tilfelle her. Tvert om er det tale om forvaltninga av Noregs fellesformue.

I si oppsummering av «valg av operativ forvalter av SPU» framheva departementet i stortingsmeldinga at organiseringa må sikre «at det tilrettelegges for god eierstyring» (side 42). Det krev instruksjonsrett.

Konklusjonen er at Finansdepartementet har rett til å instruere Noregs Bank, også i tilsettingsspørsmålet av dagleg leiar av NBIM.(Vilkår)Copyright Dagens Næringsliv AS og/eller våre leverandører. Vi vil gjerne at du deler våre saker ved bruk av lenke, som leder direkte til våre sider. Kopiering eller annen form for bruk av hele eller deler av innholdet, kan kun skje etter skriftlig tillatelse eller som tillatt ved lov. For ytterligere vilkår se her.