Utgangspunkt: Noregs Banks representantskap har ikkje hatt noko møte sidan 11. juni. Representantskapet hadde på førehand verken sett eller diskutert opningsinnlegget til Julie Brodtkorb under finanskomiteens høyring 10. august. Innlegget var likevel utforma på eit vis som gjev eit inntrykk av at eit samla representantskap står bak det frå a til å. Langt på veg er det òg tilfelle.

Unnataket er truleg punkt 5 i opningsinnlegget, jf. «Plikt til å informere departementet».

Ei nøktern tolking av denne delen av opningsinnlegget er at sentralbanksjefen kan ha brote (paragraf 1-6) i sentralbanklova. Det etterlatne inntrykket i massemedia ser ut til å vera at representantskapet skuldar Øystein Olsen for å gjort seg skuldig i brot på «grunnlova» til Noregs Bank.

1. Representantskapets forretningsorden

Medlemene i representantskapet pliktar å fylgja Noregs Banks reglar om teieplikt. Paragraf 3 i representantskapet sin forretningsorden gjer òg klårt at det er leiaren («eller den som leder utpeker») som uttaler seg på vegner av representantskapet. Nett denne saka er likevel ekstraordinær på line med ei samvitssak: For eiga rekning kan eg ikkje utan vidare skriva under på ei (de facto) skulding om at sentralbanksjefen kan ha gjort seg skuldig i brot på sentralbanklova. Til det er saka for dårleg utgreidd og ulike sider av saka mangelfullt opplyst.

2. Noko om informasjonsplikta i den nye sentralbanklova

Noregs Bank pliktar å informera departementet om viktige saker, og det er opp til Noregs Bank å vurdera om informasjonen er viktig. Kva som er viktig, må byggjast på tidlegare praksis for meldingar og ei vurdering av kva departementet kan venta å verta gjort kjent med i tilfelle nye spørsmål. Forvaltninga av «Oljefondet» er så avgjerande for både Noregs Bank og statsbudsjettet at det ligg i korta at tilsetjing av ny leiar for fondet er ei viktig sak. Men: Det same kan seiast om ein påstand om at sentralbanklova er broten på dette punktet, i denne saka.

3. Sak og vurdering

Noregs Banks representantskap er institusjonelt sett ein hybrid: både Stortingets kontrollorgan i/andsynes Noregs Bank og eit av dei to leiande organa i sentralbanken. Båe desse rollene eller funksjonane tilseier at særskilt alvorlege merknader/tilrådingar bør tuftast på gjennomarbeidd sakshandsaming og grundige drøftingar. I klårtekst: Før det på vegner av representantskapet skal framsetjast t påstand om – eller såast offentleg tvil om i kva grad – sentralbanksjefen kan ha brote sentralbanklova, burde dette ha vore eksplisitt drøfta i representantskapet. Dinest burde representantskapet har vore samd i dette. Dersom eit slikt syn ikkje hadde vore samrøystes, måtte også dette ha vorte gjort offentleg kjent. (Det høyrer med til soga at eventuelle brot på sentralbanklovas informasjonsplikt ikkje var omtala i representantskapets brev til Stortinget dagsett 11. juni, jf. utgangspunktet for stortingshøyringa om denne saka.)

Dessutan:

Skikk og bruk tilseier at Noregs Bank v/ sentralbanksjefen på førehand burde ha fått melding om at representantskapet v/ leiaren i praksis meiner det kan vera tale om brot på sentralbanklova i den aktuelle saka – før påstanden/skuldinga vart framsett offentleg. Dette kan ikkje ha hendt her, med mindre sentralbankleiinga fekk lesa opningsinnlegget til Julie Brodtkorb før medlemene i Noregs Banks representantskap.

Representantskapet burde på førehand ha diskutert rett adressat for eventuelle skuldingar om brot på sentralbanklova. Det kan til dømes tenkjast at Finansdepartementet – som forvaltar av dette lovverket – burde ha vore tilskrive framføre Stortingets finanskomité.

I skrivande stund kan eller må finansnemnda på Stortinget uansett ta stilling til ein alvorleg påstand om lovbrot. Vi talar i så fall om uklårt farvatn. Stortinget kan slå fast at lova er broten, men det vil samstundes vera uryddig om Stortinget skulle «instruera» regjeringa å fylgja opp ein slik konklusjon med tanke på – til dømes – sentralbanksjefens stilling. For det fyrste set sentralbanklova strenge vilkår for at ein sentralbanksjef kan få avskil. For det andre er embetsutnemningar eit tvillaust kongeleg prerogativ. Men nett dette – uoversiktlege konsekvensar – er ein avgjerande grunn til at denne delen av sakskomplekset burde ha vore handsama i og av Noregs Banks representantskap i plenum før stortingshøyringa.

4. Sluttmerknad

Noregs Banks representantskap bør – slik eg sjølv ser det – ikkje medverka til at ei kontrollsak så å seia kjem ut av kontroll. Eg er for min del ikkje kjent med historiske døme på at ein norsk sentralbanksjef har vore skulda for å ha brote lova om Noregs Bank. Eg er ikkje overtydd om at så har skjedd i samband med tilsetjing av ny dagleg leiar for NBIM. Samstundes aukar slike skuldingar sannsynet for dramatiske utfall. Det er i seg sjølv problematisk.

Det sentrale poenget her og no er at det ikkje er gjeve at eit samrøystes representantskap i Noregs Bank kan slutta seg til alt som står skrive i opningsinnlegget til leiaren.(Vilkår)Copyright Dagens Næringsliv AS og/eller våre leverandører. Vi vil gjerne at du deler våre saker ved bruk av lenke, som leder direkte til våre sider. Kopiering eller annen form for bruk av hele eller deler av innholdet, kan kun skje etter skriftlig tillatelse eller som tillatt ved lov. For ytterligere vilkår se her.