Det er synd DN berre skriv om svingingar i bitcoin-kursen og kven som har tent og tapt pengar (på papiret). Det er jo så mykje meir, og spennande, å skriva om denne eineståande integrasjonen av teknologi og økonomi

Eg reknar med at DNs lesarar er meir enn gjennomsnittleg interesserte i økonomi og gjerne også teknologi, og at dei difor fortener meir informasjon om den digitale transformasjonen me står framfor både innan teknologi og økonomi.

Sjølv om det alltid er vanskeleg å spå om framtida, meiner eg det er gode grunnar til å tru at det teknologiske gjennombrotet bitcoin representerer, vil endra framtidas internett, inkludert økonomiske system. Dette innlegget blir altfor kort til å ta opp dei mange områda den opne blokkjede-teknologien kan endra samfunnet vårt på:

  • Blokkjeder som fundament for framtidas økonomiske transaksjonar
  • Raske og rimelege betalingar over landegrenser
  • Nye finansieringsmodellar (desentraliserte «bankar»)
  • Ein ny, desentralisert web (Web3)
  • Desentral identitets-handtering som erstatning for dagens sentrale modell

Når det i artikkelen står at teknologien for tida står litt stille, utan innovasjon, er det det beste eksempelet på at blikket er retta feil veg. Det skjer veldig mykje innovasjon i denne sektoren, og eg håpar DN kan informera meir om det i framtida.(Vilkår)Copyright Dagens Næringsliv AS og/eller våre leverandører. Vi vil gjerne at du deler våre saker ved bruk av lenke, som leder direkte til våre sider. Kopiering eller annen form for bruk av hele eller deler av innholdet, kan kun skje etter skriftlig tillatelse eller som tillatt ved lov. For ytterligere vilkår se her.