I ein tankevekkande kommentar om siste nytt om Siv Jensen noterer Eva Grinde seg at den avtroppande finansministeren med omhug bruker førsteperson-forma i omtalen av inngang i og utgang frå Solberg-regjeringa. Jensens «jeg» er i denne diskursen like suverent som ein asiatisk despot og har bestemt og gjort alt på eiga hand. Men bak dette stuntet ligg ei lengre historie.

Da Trygve Lie ga ut memoarane sine, la ein kritikar merke til at visse ord i boka påfallande ofte gjekk igjen. På ein suveren førsteplass kom pronomenet «jeg», dernest «meg», og på bronseplass «min/mine». Kosmopolitiske ord som demokrati, fred, Nato og Israel måtte på fornedrande vis slåst om den sure fjerdeplassen.

Det har vist seg at Trygve Lies pronomen har lagt føringar på langt fleire prominensar enn Siv Jensen. I politikkens paleontologiske tid heitte det alltid at «Departementet legger til grunn at … » og «Regjeringens standpunkt er at …" osv. Men det var dengang, det, og itte nå. Ingenting blir lenger gjort av departement eller regjering. Det er berre statsråd Egogmeg og ditto statsminister Jegogmeg som grip til handling.

Stortinget kjenner berre statsråden, heiter det når eit departement har dumma seg ut. Men i våre dagar kjenner heller ikkje ministeren til andre enn – statsråden! Byråkratane hevar løn, men gjer ingenting for pengane.

Dagsrevyen presenterte for ei tid tilbake ei rekke viktige samferdselstiltak. Presentatøren var den same som heilt på eiga hand hadde vedtatt alt og sett tiltaka i verk. Det var ingen ringare enn statsråd Ej Å. Mej, frå Volda-traktene.

Slik går nå dagan i norsk politikk.(Vilkår)Copyright Dagens Næringsliv AS og/eller våre leverandører. Vi vil gjerne at du deler våre saker ved bruk av lenke, som leder direkte til våre sider. Kopiering eller annen form for bruk av hele eller deler av innholdet, kan kun skje etter skriftlig tillatelse eller som tillatt ved lov. For ytterligere vilkår se her.