Alle politiske parti har i 2021 ei moglegheit til å nå ut til folk på ein meir presis måte enn nokon gong i verdshistoria. Politikarar kan tilpasse og målrette bodskap til deg ut frå kven du er, og kva du kan tenkast å respondere godt på.

Susanne Egset
Susanne Egset

Store ord om satsing på born sendast ut til småbarnsforeldre, eldrepolitikk målrettast til dei som snart er pensjonistar og miljøstoff blir peila inn på unge vaksne i byane. Slik får du som veljar eit inntrykk av at partia jobbar akkurat for deg. Samtidig blir saker som er mindre relevante for deg, eller går på tvers av det du meiner, på strategisk vis mindre synleg.

Over 80 prosent av nordmenn som kan stemme ved valet har ein Facebook-profil, ifølgje valg.ogtall.no. Det er ikkje rart at plattformen er den mest brukte blant norske politikarar. Du kjenne kanskje igjen denne oppskrifta på engasjement: Formuleringar som provoserer, engasjerer eller overraskar deg, effektivt avrunda med triggerspørsmålet: «Er du einig»?

Har du sjølv tenkt over kva du får av valkamp-innhald på Facebook? Kva slags politikarar, bodskap og tematikk dominerer skjermen din? Kva gjer det med haldningane dine og kvifor trur du det er slik?

På Facebook kan du i stor grad sjølv styre kva du vil sjå, avhengig av kva du er interessert i og driv med på internett. Facebook er avhengig av at du engasjerer deg i det du ser, og belønnar slikt innhald med meir eksponering.

Men det er ikkje heile sanninga.

Mykje av det du blir presentert for, er plassert i akkurat din Facebook-feed av eit meir eller mindre presist algoritmemaskineri, frå avsendarar med kommersielle og politiske interesser.

Det er imponerande teknologi, og fantastisk på mange måtar. Engasjerer du deg i saker eller temaer som likestilling, miljø, bensinprisar eller luftfart, kan du banne på at du, oftare enn andre, blir eksponert for akkurat dette.

Det kan vere deilig å få stadfesta eige syn og haldningar. Og det er ikkje alltid feil med relevant reklame, når alternativet er søppel. Men det er ikkje uproblematisk. I andre land har vi sett korleis store techgigantar har spelt viktige rollar i å vinne val gjennom sosiale kanalar.

Og ikkje alt er like synleg på overflaten. Ida Aalen, forfattaren av boka Sosiale medier (2021) sa nyleg til Aftenposten at politisk påverknad i sosiale kanalar lenge har gått under radaren.

Som i den amerikanske valkampen.

Fleire rapportar har slått fast at det russiske reklamebyrået Internet Research Agency (IRA) brukte sosiale kanalar til å påverke folk før presidentvalet i USA i 2016, kan vi lese hjå Tekonologirådet. Dei påverka afroamerikanarar til ikkje å stemme, delte feilinformasjon om korleis dei kunne registrere seg som veljarar og brukte konfrontasjon og polarisering som strategi.

I 2018 blei det kjent at Cambridge Analytica hadde fått data om over 80 millionar Facebook-brukarar, brukt i Trump-valkampen.

Og det er berre det vi veit.

Sosiale medium har gitt norske politikarar treffsikre måtar å nå ut nå ut til store veljargrupper på. Samtidig er moglegheitene for fusk og fanteri stor. Eg påstår ikkje at vi står i fare for amerikanske tilstandar i Noreg. Men det har skjedd før, og kan skje igjen.

Som veljarar gjer vi lurt i å vere vakne. Vi bør vere medvitne på at bodskapa vi blir presenterte for, ikkje nødvendigvis er heile sanninga.

Og vi må forstå kva algoritmer, misbruk av data og feilinformasjon kan gjere med våre eigne meiningar og haldningar.

Eg er både skremt, fascinert og nysgjerrig. Skremt på vegne av demokratiet og korleis enkelte interessar kan påverke våre haldningar og meiningar utan at vi får det med oss. Fascinert på vegne av innhaldsfaget og korleis vi kan bruke dei same mekanismane til å påverke på ein positiv måte og skape verdi for folk. Nysgjerrig på korleis den digitale valkampen har gått føre seg her i Noreg.(Vilkår)Copyright Dagens Næringsliv AS og/eller våre leverandører. Vi vil gjerne at du deler våre saker ved bruk av lenke, som leder direkte til våre sider. Kopiering eller annen form for bruk av hele eller deler av innholdet, kan kun skje etter skriftlig tillatelse eller som tillatt ved lov. For ytterligere vilkår se her.

Formuleringar som provoserer, engasjerer eller overraskar deg, effektivt avrunda med triggerspørsmålet: «Er du einig»?