I eit innlegg i DN 30. august skriv Marita Skjæveland og Hanne D. Amundsen frå Konkurransetilsynet at ei straumstøtteordning til bedriftene bør utformast på ein måte som ikkje øydelegg konkurransen mellom dei. Det er det lett å vere samd i. Diverre er innlegget elles prega av mangel på innsikt i tilhøve Konkurransetilsynet burde undersøkt meir.

Mellom anna raljerer Skjæveland og Amundsen med svenske styresmakter som vil bruke 60 milliardar på å betale straumrekningane til folk, fe [sic!] og føretak. Dei synest å tru at den svenske ordninga er ei straumstøtteordning. Det er misvisande.

Dei 60 milliardane er inntekter som ligg over den inntektsramma som Energiinspeksjonen har fastsett for Svenska Kraftnett. Dette er inntekter som bedrifter og andre nettkundar har krav på å få tilbakeført. Regelen er at det skal skje gjennom tariffreduksjonar.

Herdis Helle
Herdis Helle

På grunn av dei enorme flaskehalsinntektene som dagens prisdifferansar fører til, er imidlertid tilbakeføring gjennom tariffreduksjonar vanskeleg å få til. Sjølv om Svenska Kraftnett set tariffane sine til null, vil inntektene halde fram å akkumulere seg, med renter og strafferenter.

Den svenske regjeringa sitt framlegg om å utbetale inntektene kontant, er difor godt, både for nettkundane og for Svenska Kraftnett.

Situasjonen er den same i Noreg. Inntektene til Statnett ligg langt over den regulerte inntektsramma. Sjølv om Statnett no har sett forbrukstariffen i sentralnettet til null, vil dei ikkje klare å tilbakeføre midlane til bedrifter og andre nettkundar innanfor ein rimeleg tidshorisont.

Om Konkurransetilsynet er opptatt av konkurransesituasjonen, kan dei ta til orde for ei tilsvarande ordning som den svenske. Det kan også redusere behovet for det som faktisk er straumstøtteordningar.

Det er ikkje god konkurransepolitikk at ein monopolist skal ha så store inntekter i nettet som det Statnett har no.

Det er heller ikkje bra at bedrifter og andre nettkundar vert tvinga til å gje statsføretak «kreditt» på ubestemt tid. Økonomien deira er krevjande nok med høge straumprisar og aukande nettleige til lokale nettselskap, om dei ikkje i tillegg skal måtte ha midlar bunde opp i Statnett.

Inntekter over den regulerte bør difor tilbakeførast raskt.

Statnett vil ikkje klare å tilbakeføre midlane til nettkundar innanfor ein rimeleg tidshorisont

(Vilkår)Copyright Dagens Næringsliv AS og/eller våre leverandører. Vi vil gjerne at du deler våre saker ved bruk av lenke, som leder direkte til våre sider. Kopiering eller annen form for bruk av hele eller deler av innholdet, kan kun skje etter skriftlig tillatelse eller som tillatt ved lov. For ytterligere vilkår se her.