Professor og tidlegare leiar av Energikommisjonen, Lars Sørgard, presenterer eit svært interessant og realistisk framtidsbilete i kronikken sin i DN 25. mai: Det byggast no ut så mykje uregulerbar kraft tett opp rundt landegrensene våre at vår eiga nye, uregulerbare kraft vil ende opp i den same prisgrøfta som alle andre blir liggande i.
Norsk leverandørindustri vil likevel ha ein stor internasjonal marknad geografisk nært, stort sett i- og rundt Nordsjøen. Ny norsk grøn industri på land vil få tilgang til importert energi til utvikling i tillegg til energi frå lønsame prosjekt her heime.
Framtidsbiletet med store mengder billig og uregulerbar energi samsvarar i stor grad med det som forskarane i FME HydroCen ser føre seg vil skje. Dette framtidsbiletet bør danne grunnlaget for vidare forsking på ombygging av kraftsystemet vårt.
For meg som framleis furtar litt for at eg ikkje fekk vere med i Energikommisjonen, kan eg hevde at dei fakta som Sørgard presenterer her, er kunnskap som skulle fått meir vekt i kommisjonen.
Dersom Sørgard har rett og han klarer å få politikarane til «å ta en pause», har me høve til å bruke ressursane våre på å rigge om det norske vannkraftsystemet for nyttiggjere oss billig importert energi. Det gjerast mest effektivt med å bygge om eksisterande vannkraftsystem med meir effekt (altså megawatt, MW) og pumpekraftverk.
Med framtidige prisvariasjonar er det i dei beste timane at innteninga vil ligge, og ifølgje Statnett og NVE vil også Noreg gå tom for effekt (MW) lenge før me går tom for energi (terawattimar, TWh). Me må sørge for at norsk industri ikkje går tom for effekt.
For ein fulltids NTNU-professor hopar det seg ikkje opp så veldig mykje eigne sparepengar, men dersom eg likevel skulle finne noko, ville eg p.t. investert dei i effektutvidingar. Og håpe inderleg og intenst på at Finansdepartementet si giftpil, kalt «høyprisbidrag», leggast i koggeret ein gong for alle.(Vilkår)Copyright Dagens Næringsliv AS og/eller våre leverandører. Vi vil gjerne at du deler våre saker ved bruk av lenke, som leder direkte til våre sider. Kopiering eller annen form for bruk av hele eller deler av innholdet, kan kun skje etter skriftlig tillatelse eller som tillatt ved lov. For ytterligere vilkår se her.