Stortinget handsamar i desse dagar den årlege stortingsmeldinga om forvaltinga av Statens pensjonsfond utland (SPU), Oljefondet. Under høyringa i Finanskomiteen forrige veke, var direktør Yngve Slyngstad i Norges Bank Kapitalforvaltning tydeleg på at miljø- og klimamessige utfordringar utgjer ein finansiell risiko.

På verdsmarknaden er grønne verdiar i aukande grad økonomiske drivarar. Produkt eller produksjonsprosessar som ikkje vert oppfatta som klimavenlege kan medføre verdifall. For å redusere klimarelatert risiko har fondet det siste året meir eller mindre selt seg ut av kolprodusentane.