Eit utval som har vurdert det etiske rammeverket for Statens pensjonsfond utland (SPU), Oljefondet, har no overlevert si utgreiing til finansminister Jan Tore Sanner. Eg har hatt gleda av å leie utvalet (NOU 2020: 7).

Etiske retningslinjer for fondet blei innført i 2004. Sidan har fondet blitt større med investeringar i fleire ulike land, nye problemstillingar har meldt seg, og normer og forventningar er blitt utvikla vidare. Her må fondet følge med. Korleis det skal gjerast, var grovt sagt mandatet for utvalet.

Utvalet har gjort tre ting: Det har gått gjennom utviklinga sidan 2004, det har føreslått omlegging av praksis på nokre punkt, og det har føreslått eit nytt kriterium og utviding av nokon av dei eksisterande.

I tillegg har det føreslått ei endring i forvaltningsmandatet for Noregs Bank.

I lova om fondet har Stortinget fastsett at målet for forvaltninga er å oppnå høg avkastning til akseptabel risiko. Lova seier òg at fondet skal forvaltast ansvarleg. Det inneber at viktige omsyn til menneske, miljø og samfunn blir respektert. Det etiske rammeverket for fondet bør forankrast i slike konvensjonar og standardar der det let seg gjere. Slik kan ein spegle brei semje (konsensus) i det norske folk om rammeverket og bidra til at forvaltninga blir forstått internasjonalt.

Etiske omsyn og ansvarlegheit omfattar svært mange, ulike problemstillingar. På fleire område er utfordringane auka dei seinare åra:

  • Naturmangfaldet er under press og trusselen frå klimaendringane er blitt endå meir alvorleg.
  • Forsvararar av menneskerettane blir mange stader meir utsett for åtak.
  • Utviklinga av ny teknologi for våpen og overvaking gir grunn til bekymring.
  • Krigar blir ført på nye måtar av andre aktørar.

Slike problem er det viktig å prøve å handtere på ein god måte i fondet.

Kriteria i retningslinjene for utelukking av selskap frå fondet og observasjon omfattar menneskerettar, krig og konflikt, korrupsjon, miljø og klima. Dei er formulert slik at dei kan brukast på nye problemstillingar innanfor sine område.

Utvalet peikar i denne samanhengen på fleire område der Etikkrådet og Noregs Bank må vere særleg merksame, som urfolks rettar og overvakingsteknologi.

Når det gjeld grov økonomisk kriminalitet, føreslår vi at det eksisterande korrupsjonskriteriet blir utvida til også å omfatte dette, som for eksempel i tilfelle kvitvasking.

Selskap som produserer tobakk, kol og visse typar våpen som kjernevåpen og klasebomber, skal i dag utelukkast frå fondet. Som følgje av teknologisk utvikling føreslår vi at også dødelege autonome våpen blir lagt til lista.

Ved bruk av autonome våpen er ikkje avgjerda om liv eller død lenger underlagt direkte menneskeleg kontroll. Ansvarsforholda blir uklare. Det gjer våpentypen prinsipielt problematisk.

Ola Mestad
Ola Mestad

Utvalet føreslår vidare eit nytt kriterium for å utelukke selskap som sel militært materiell til statar som bruker dette til alvorlege og systematiske brudd på humanitærretten.

Noregs Banks ansvarlege forvaltning og eigarskapsutøving har gjennom dei siste 15 åra blitt ein viktig del av bankens forvaltning. Målet er å oppnå høg avkastning. For eit langsiktig og breitt investert fond er det i bankens forvaltningsmandat samstundes lagt til grunn at avkastning og berekraft går hand i hand. Det er viktig at Etikkrådet og Noregs Bank er best mogeleg samkøyrde, slik at verkemidla blir sett i samanheng og vekselverknader mellom institusjonane blir fullt utnytta. Vi føreslår å tydeleggjøre krava til slik samordning i retningslinjene.

Fondet er i dag investert i meir enn 70 land. Utvalet er bede om å sjå særskilt på korleis investeringar i land med andre normer enn dei vi har, kan handterast. Mange sivilsamfunnsorganisasjonar har tatt til orde for å filtrere investeringane mot enkeltland, bransjar eller selskapstypar. Vi har derfor sett på ei rekke indeksar som rangerer land og selskap etter ulike kriterium for korrupsjon, pressefridom, demokrati mv.

Gjennomgangen viser at det ikkje finst indeksar som eignar seg som grunnlag for generelle regler for å avskjere investeringane på ein slik måte. Det ville både bli usikkert og lite treffsikkert.

Utfordringane ved investeringar i slike land synest vere særleg knytta til lokale selskap med eit avgrensa handlingsrom, mellom anna fordi dei på ulike måtar kan vere kontrollert av landets styresmakter. For slike selskap kan det være behov for å tilpasse verkemiddelbruken noko. Det bør mellom anna leggjast vekt på kva selskapet kan gjere og faktisk gjer innanfor det avgrensa handlingsrommet.

Generelt blir det likevel slått fast at selskap i fondet skal vurderast etter same etiske standard og like grundig som i dag.

Åpenheit er ein grunnleggjande premiss for tilliten til forvaltninga av SPU. Offentleggjeringa av Etikkrådets grundige tilrådingar bidrar til ei åpenheit som er eineståande internasjonalt. Dette må førast vidare. Noregs Banks rapportering om den ansvarlege forvaltninga har utvikla seg mykje dei seinare åra.

Utvalet føreslår at publikasjonen «Ansvarlig forvaltning» eller tilsvarande rapportering blir tatt inn som krav i bankens forvaltningsmandat. Det vil forankre den sterkare i Noregs Banks hovudstyre.

Vi meiner vi legg fram eit solid og oppdatert etisk rammeverk for Oljefondet. Eit godt rammeverk er ein nødvendig føresetnad for å kunne oppfylle våre etiske skyldnader. Det er likevel ikkje tilstrekkeleg. Normer vil utviklast vidare og nye problemstillingar vil dukke opp framover.

Gode resultat stiller derfor krav til at Etikkrådet og Noregs Bank heile tida følgjer med på utviklinga og bruker godt skjønn og klokskap i si utøving av rammeverket.(Vilkår)Copyright Dagens Næringsliv AS og/eller våre leverandører. Vi vil gjerne at du deler våre saker ved bruk av lenke, som leder direkte til våre sider. Kopiering eller annen form for bruk av hele eller deler av innholdet, kan kun skje etter skriftlig tillatelse eller som tillatt ved lov. For ytterligere vilkår se her.