Økonomisk ulikskap var eit viktig tema i valkampen, og kjem nok til å vera det i framtida og. Men presisjonsnivået må opp. I den siste partileiardebatten påsto NRK programleiaren Fredrik Solvang at den norske skulen forsterkar skilnader. I staden for å forklara og bortforklara, burde partileiarane spurt Solvang korleis han veit det.

Gaute Torsvik
Gaute Torsvik (Foto: Terje Heiestad)

Skilnader i kva? La oss anta dei relevante måla for samanlikning av skilnader er gjennomføring og karakterar. Me veit at dei som kjem frå familiar med høg utdanning og god økonomi gjer det i snitt betre enn born av foreldre med låg utdanning og dårlegare økonomi. Den meir presise påstanden vert då at den norske skulen forsterkar samanhengen mellom foreldras sosioøkonomiske stilling og bornas skuleresultat. Men spørsmålet er framleis; korleis veit me det?

Dersom noko forsterkar ein skilnad, må det vera i høve til eit alternativ. Om den norske skulen forsterkar skilnader i kunnskap og skuleresultat, må det vera i høve til ei anna skuleform. Er alternativet ingen skule, heimeundervisning? Eller er det dagens skule samanlikna med den me hadde for 30 år sidan? Eller samanliknar me den norske skulen med eit skulesystem med privatskular, eller med eitt som slusar elever inn i akademiske eller praktiske spor allereie som tiåringar?

Eg kjenner inga forsking som viser at den norske skulen, samanlikna med eit konkret, relevant alternativ, forsterkar sosiale skilnader. Det kjenner nok ikkje programleiaren heller. Det faktum at born av høgt utdanna foreldre gjer det i snitt betre på skulen enn dei som kjem frå heimar med mindre utdanning og pengar seier ikkje noko om i kva grad skulen forsterkar skilnadane. Foreldre med høg utdanning overfører genar, vanar, ambisjonar, ressursar og nettverk som i seg sjølv gjev borna både betre skuleresultat og yrkeskarriere. Uansett kva skulesystem ein har vil foreldre påverka utfalla for borna.

Sjølv om det ikkje fins forsking som identifiserer i kva grad og korleis den norske skulen forsterkar eller dempar skilnader, så fins det studiar som samanliknar korrelasjonen mellom foreldres utdanning og borns skuleresultat på tvers av land. Den korrelasjonen er relativt låg i Norge. Det fins også studiar som viser at vår skule, den norske skulen, samanlikna med mange andre skular, brukar relativt meir ressursar på elevar som ligg an til å få dårlege skuleresultat. I kva grad ulike tiltak for å løfta svake elevar verkar, og kva tiltak som verkar best, veit me lite om.

Me kan sjølvsagt bruka meir ressursar på å utjamna skilnader i skuleresultat, men vil me det? Mange vil meina at reproduksjon av ulikskap – til dømes gjennom at foreldre med høg utdanning har born som gjer det godt på skulen – fyrst og fremst er eit problem dersom reproduksjonen kjem av at borna ikkje har fått same sjanse til å realisera sitt potensiale.

I land der det er stor kvalitetsskilnad mellom skular og det kostar mykje å komma inn på dei beste, kan me godt tenkja oss at skulen i seg sjølv vil forsterka skilnader fordi ikkje alle for same sjanse til å utvikla evnene sine. På den andre sida skulle ein tru at den norske skulen, som er gratis og i stor grad einsretta, gjev høg og låg same sjanse til å lykkast. Men det fins kanskje subtile usynlege mekanismar som gjev ulike mogelegheiter også i vårt einsretta system.

Ei dansk gransking viser til dømes at sjølv om lærarlønnene er like på tvers av skular (gode skular kan ikkje by opp lønna til lærarane), så er det ein tendens til at gode lærarar (dei med gode karakterar) arbeider i skular der borna kjem frå familiar med høg sosioøkonomisk status. Så sjølv om systemet har ei utjamnande innretting, kan realiteten verta annleis. Slike mekanismar kan vera relevante i Norge også.

I tillegg, dei som ynskjer meir progressiv politikk for å utjamna økonomiske skilnader, må spørja seg i kva grad det skal skje i skulen. Me kan redusera økonomisk ulikskap, og reproduksjon av økonomisk ulikskap, på fleire stader i livsløpet. Med familiepolitikk kan me utjamna skilnader før ungane kjem på skulen, me kan utjamne gjennom skule og utdanningssystemet, i lønsfastsettinga på arbeidsmarknaden eller gjennom skattar og overføringar. Bør me redusera økonomiske skilnader før, på eller etter arbeidsmarknaden? Det er verdt å tenkja gjennom kva blanding som er den beste.

Bør me redusera økonomiske skilnader før, på eller etter arbeidsmarknaden?

NRK-debatten illustrerer noko generelt og deprimerande: Det er mykje lettare å få eit uverkelig problem på dagsorden, enn å få orden på kva dagens verkelege problem er.(Vilkår)Copyright Dagens Næringsliv AS og/eller våre leverandører. Vi vil gjerne at du deler våre saker ved bruk av lenke, som leder direkte til våre sider. Kopiering eller annen form for bruk av hele eller deler av innholdet, kan kun skje etter skriftlig tillatelse eller som tillatt ved lov. For ytterligere vilkår se her.