Opposisjonen på Stortinget er skuffa over rapporten frå ekspertgruppa for Oljefondet sine investeringar i fossil-aksjar, som blei presentert førre veke. Dei er ikkje åleine. Frå frivillige organisasjonar og forskarhald har det hagla med innvendingar mot hovudkonklusjonane frå ekspertgruppa om at fondet ikkje bør brukast som eit klimapolitisk verktøy, og at klimaspørsmål ikkje kan påverkast effektivt gjennom automatisk utelukking av fossil-aksjar frå fondet.

Omfanget