Verdas leiarar og økonomar lurer på korleis ein kan motvirke dei negative effektane av pandemien på økonomien og best legge til rette for vekst igjen.

Det er ei avveging mellom å gjere støtteordningar raske og enkle, og å gjere dei treffsikre og hindre misbruk.

I dei hektiske marsdagane måtte ting gå veldig fort. Tiltaka bygde ofte på eksisterande ordningar eller infrastruktur, som permitteringsordninga og kontantstøtta til bedriftene.

Norge valde ei imponerande linje med åpenhet på kva bedrifter som mottar støtte, noko som har vore med på å både hindre og avsløre misbruk. Det er viktig for legitimiteten til ordningane at ein kan avdekke dei som juksar, både for å hindre misbruk av skatteytaranes pengar og for å hindre urettferdig konkurransefortrinn for dei som juksar.

Økonomien klarer seg betre nå enn i mars og april fordi vi har tilpassa oss. Enkelte sektorar går til og med så det suser. Andre sektorar slit og har mange permitterte og store inntektsbortfall, både på grunn av generelt redusert etterspurnad og på grunn av pålagde restriksjonar, som serveringssektoren.

På nokre områder vil etterspurnaden ha blitt endra når vi kjem ut av krisa, antakeleg for alltid, då vi har fått smaken på heimekontor, netthandel og både familie- og miljøvennlege zoom-møter som medfører mindre reising og hotellovernatting.

Når vi nå forhåpentleg snart har kome oss gjennom den andre bølga og har lært mykje, er det framover riktig å gi alle bedrifter generell støtte som før, nærast uavhengig av storleik, sektor, skattehistorikk, eigarstruktur eller marknadsforhold?

Skal man gi støtte til bedrifter som har utnytta regelverket tidlegare og som tilpassar seg for å betale minst mogleg skatt eller minst mogleg løn til sine tilsette? Eller til bedrifter som er del av eit større konsern, der man kunne venta at konsernet, eller aksjonærane, skal stille opp med den ekstra kapitalen til å drive bedrifta vidare?

Skulle staten heller konsentrere støtta om småbedrifter som ikkje har slik kapital i ryggen?

Kanskje tida nå er inne for å gå bort frå universelle til meir retta støtteordningar. Ulempene er at dette krever eit meir komplisert regelverk, lengre saksbehandling og seinare utbetaling. Men det er nok kanskje likevel å føretrekke framfor universelle og mindre treffsikre ordningar i overgangen til utfasing av støtte. Det er viktig å truverdig redusere aktøranes forventningar til framtidig offentlig støtte og la økonomien klare seg sjølv.

Men det er nesten det motsette som skjer nå.

Dei universelle ordningane frå dei hektiske marsdagane i fjor har nå meir eller mindre blitt vidareførte av Stortinget til oktober år, med milliardar på milliardar av kostnader for skattebetalarane.

Utan at dette ser ut til å plage særleg mange.

Dei fleste andre land ser ei stor auke i statsgjeld og anstrengde offentlege finansar, noko som har tvunge fram diskusjonar om korleis ein kan auke statens inntekter, bl.a. gjennom forslag om formuesskatt og tetting av skattehull. Denne debatten er så godt som fråverande i Norge.

Tvert om, i staden for å diskutere korleis ein kan auke statens inntekter, er det redusert skattlegging av dei rike som står på menyen. Kommunane underbyr kvarandre med å sette ned formuesskatten håp om å tiltrekke seg rike som liksom skal bu der i falleferdige rønner, slik pressa har dokumentert i Bø.

Det verkar så lett å bruke av oljefondet; haldninga ser ut til å vere at «dette må vi jo ta oss råd til», og det har etter kvart blitt særinteressenes og lobbyistanes festdagar, alle skal få. Til og med oljesektoren, noko som har ført til at staten i sum betaler ut pengar til oljesektoren for 2020 i staden for å få skatteinntekter inn.

Mens inntektene frå petroleumsskatten var 116 milliardar kroner i 2019, reknar Finansdepartementet med at dette er snudd til minus 45 milliardar kroner for 2020.

Som eg seier til studentane mine, så er det dei unge som må betale for denne støttefesten i framtida, anten i form av reduserte gode og/eller auka skattar.

Vi må snakke om korleis vi skal betale for støtte-gildet allereie nå, slik at byrden kan fordelast på alle.

Det er dagens rike som nok har tent mest på mange av dei siste åras skatteendringar. Det er også denne gruppa som eig flest aksjar og mange av dei bedriftene som blir redda gjennom krisa ved alle statens støtteordningar. Då er det rimeleg at dei også er med å betale rekninga og ikkje bare sender henne vidare til framtidige generasjonar.

For eitt år sidan skreiv eg her i DN at vi treng ein ny skattereform. Det meiner eg framleis.(Vilkår)Copyright Dagens Næringsliv AS og/eller våre leverandører. Vi vil gjerne at du deler våre saker ved bruk av lenke, som leder direkte til våre sider. Kopiering eller annen form for bruk av hele eller deler av innholdet, kan kun skje etter skriftlig tillatelse eller som tillatt ved lov. For ytterligere vilkår se her.