Det er ikkje lengre tvil om at ein del multinasjonale selskap reduserer skatten sin i Norge og andre høgskatteland ved å flytte overskudd til skatteparadis. Dette er det tallause studier og rapportar som dokumenterer.
Vi veit også ganske mykje om kva metodar som brukast, som manipulering av internprisar, strategisk lokalisering av immaterielle eigedelar og interngjeld.
Nyare forsking av den USA-baserte franske økonomen Gabriel Zucman og hans to danske medforfattarar, Thomas Tørsløv and Ludvig Wier, anslår at multinasjonale selskap årleg flyttar tilnærma tusen milliardar dollar til skatteparadis.