Dei globale CO2-utsleppa veks med meir enn to prosent i året og verda er på veg mot ein god del større oppvarming enn to gradar. Nye teknologiar for å fjerne CO2 frå atmosfæren kan bli nødvendige. Norge har satsa mykje på utvikling av karbonfangst og lagring (CCS) knytt til fossil energi, men CCS knytt til biomasse kan vere eit betre val.