Forskarar frå Universitetet i Bergen har i mange år argumentert for at det er for dårleg kunnskap om vinden sin oppførsel over hav, og at betre kunnskap om dette er avgjerande for havvindindustrien.

DN skriv 6. november om det danske energiselskapet Ørsted som har undervurdert to ulike fenomen og innser at dei treng betre verktøy.

Forskinga viser nemleg at det er stor forskjell på vindprofilar når ein har kald vind over varmt hav i forhold til varm vind over kaldt hav.

Det skjer ei oppbremsing av vinden framfor vindparkar. Dette kan samanliknast med oppbremsinga som skjer framfor fjell. Vakeberekningar i vindparkar er vanskeleg, og ingen av simuleringsmodellane som i dag er i bruk, treff 100 prosent. Vi veit for lite om samvirket mellom vind, bølgjer og turbinar.

Forsking knytt til vinden sin oppførsel over hav har av enkelte vorte sett på som lite viktig forsking, men vi har jobba mykje med problemstillingane som Ørsted no beskriv.

Vi treng betre kunnskap om vind over hav for å få ei betre forståing av korleis vindprofilar og turbulens over hav endrar seg gjennom året. Her er det viktig at industrien spelar samen med oss forskarar for å unngå kostbare feilgrep som Ørsted nyleg har erfart.(Vilkår)Copyright Dagens Næringsliv AS og/eller våre leverandører. Vi vil gjerne at du deler våre saker ved bruk av lenke, som leder direkte til våre sider. Kopiering eller annen form for bruk av hele eller deler av innholdet, kan kun skje etter skriftlig tillatelse eller som tillatt ved lov. For ytterligere vilkår se her.