Finanskommentator Terje Erikstad omtalar i ein kommentar 16. desember børsnoteringa av Airbnb og korleis utvalde investorar og mellommenn står først i køen for utdeling av «gratis pengar». Dette er ikkje eit eineståande eksempel, det er slik finansverda fungerer, og særleg investeringar i nye selskap. Folk flest må pent venta til dei rikaste har forsynt seg.

Bitcoin representerer eit alternativ til denne forfordelinga. Bitcoin er rett nok ikkje eit selskap, og du kjøper ikkje aksjar i systemet. Men så langt har Bitcoin vore eit investeringsobjekt som på mange måtar liknar ei investering i aksjar.

Kven som helst kan investera i bitcoin eller andre kryptovalutaer. I motsetnad til tradisjonelle børsnoteringar er det ingen forfordelingar til dei rikaste. Dei som eig bitcoin i dag er heller ikkje dei tradisjonelle investorane i finansmiljøet. Bitcoin-eigarane er spreidde over heile verda og har det til felles at dei har stor tru på eit alternativ til dagens ganske skakk-køyrde finanssystem.(Vilkår)Copyright Dagens Næringsliv AS og/eller våre leverandører. Vi vil gjerne at du deler våre saker ved bruk av lenke, som leder direkte til våre sider. Kopiering eller annen form for bruk av hele eller deler av innholdet, kan kun skje etter skriftlig tillatelse eller som tillatt ved lov. For ytterligere vilkår se her.