Sivilingeniør Anne Marie Heidenreich svarer på mitt innlegg om norsk bitcoin-utvinning som miljøprosjekt med eit innlegg der ho legg alle miljøargumenta til side. Ho avviser ideen med heilt urealistiske føresetnader.

Ja, dersom verdien av ein bitcoin vert uendeleg, vil det aldri løne seg for kraftprodusentar å sende kraft ut på nettet. Det vil heller ikkje løne seg for nokon andre å bruke kraft til noko anna enn bitcoin-utvinning.

I den verkelege verda vil aldri kursen på bitcoin verte uendeleg. Sjølv i ei framtid der alle andre valutaslag har vorte verdilause og bitcoin vert brukt som einaste betalingsmiddel, er det urealistisk at det finst større betalingsvilje for bitcoin enn for energi til noko anna bruksområde. Difor vil det alltid finnast eit prisnivå der det løner seg å sende krafta ut på marknaden i staden for å bruke ho til bitcoin-utvinning.

Det er utopisk å bruke innestengd småkraft til hydrogenproduksjon. For det fyrste er tapet stort, som sivilingeniør Heidenreich påpeikar. Frå straum til komprimert hydrogen og attende til straum går omlag 80 prosent av energien tapt, og tapa skjer i so mange ulike ledd at det er vanskeleg å utnytte varmen.

For det andre skal hydrogenet transporterast frå den innestengde kraftprodusenten til ein forbrukar. Sjølv flytande hydrogen, som må transporterast ved -252°C, inneheld pr liter under ein firedel av energimengda til diesel. Alt dette krev store investeringar i utstyr. Dersom dette til slutt løner seg meir enn å strekkje ein leidning til kraftverket, må det vere snakk om både ekstremt billig og mykje kraft. Hydrogenproduksjon med elektrolyse grensar mot miljøkriminalitet pga. den dårlege totale verknadsgrada og dei gode alternativa. Hydrogen bør heller produserast med dampreformering av biomasse, som er CO2-nøytralt og meir energieffektivt enn å brenne biomasse i eit kraftverk. Med CO2-fangst og lagring er prosessen CO2-negativ.

Som sivilingeniør bør Heidenreich vite at energi ikkje kan forsvinne. Den konsentrerte varmen frå bitcoin-utvinning kan til dømes utnyttast til hurtigtørking av ved, som vedprodusentar brukar mykje straum til om dagen. Dermed kjem energien til nytte to gonger.

Bitcoin kan berre produserast med elektrisk kraft og vert produsert der krafta er billigast, anten det er europeisk vindkraft, norsk innestengd vasskraft eller indonesisk kolkraft. Utstyret er lett å flytte. Spørsmålet er om vi skal bruke fornybar eller fossil kraft til bitcoin-utvinning, og det er faktisk anten eller.(Vilkår)Copyright Dagens Næringsliv AS og/eller våre leverandører. Vi vil gjerne at du deler våre saker ved bruk av lenke, som leder direkte til våre sider. Kopiering eller annen form for bruk av hele eller deler av innholdet, kan kun skje etter skriftlig tillatelse eller som tillatt ved lov. For ytterligere vilkår se her.