Aldri kvilande Robert Næss er igjen ute mot bitcoin og kryptovaluta, og ikkje minst underteikna, og har starta seiersrunden i det han ser som eit vunne slag. Men ikkje så fort, Robert, hugs du er ingen ung mann lenger. Og alder er viktig her. Kvite menn som har pusha 50 og meir, er dei mest innbitte motstandarane av bitcoin.
Det er ikkje så merkeleg, for dei har mest å forsvara og er i mange tilfelle betalte, til og med godt betalte, for å kjempa mot dette nye.
Næss, og mange med han, klarer ikkje å skilja signal frå støy. Eller dei vil ikkje. Bitcoin er signalet, nesten alt anna er støy. Dei ser seg blinde på «teknologien bak», altså blokkjedeteknologien. Eg vil hevda at den er ganske uinteressant. Det er integrasjon av pengar og teknologi i eit desentralt system, som i bitcoin, som er det revolusjonerande.
At det finst mange tusen kryptovalutaer skaper støy, og Næss og andre ser ikkje skogen for berre tre. Skogen er bitcoins system for overføring av verdiar direkte mellom partar, både på blokkjeda og på nye lag utanfor, utan behov for mellomledd.
Og for første gang i historia har me eit ope system for innovasjon på finansområdet. Smak litt på det.
Bitcoin blir med i fallet skapt av useriøse aktørar og svindlarar. Det er ikkje så rart, for bitcoin er reservevalutaen i kryptouniverset og blir saman med ether stilt som sikkerheit for både eksperimentering og svindel.
Kollapsane i Terra Luna, Three Arrows Capital og FTX/Alameda Research heng nøye saman, og oppskrifta er godt kjent frå vanleg finanspraksis: Lån som er mange ganger større enn eigenkapitalen og ofte også utan sikkerheit for utlånar. Legg til misbruk av kundemidlar som hjå FTX, og skandalen er eit faktum. Men dette har lite med bitcoin å gjera.
Og i motsetnad til i finanskrisa blir dei ansvarlege arresterte og sikta, og truleg dømde, og det blir ingen redningsaksjon med skattebetalarane sine pengar.
Bitcoin byggjer på den motsette filosofien av dagens finanssystem og det me har vore vitne til i resten av kryptoverda: Inga giring, ingen «fractional reserve banking» og ingen sentral instans som kan feila. Men eit ope system kan både brukast og misbrukast.
Som nemnt er alder og geografi ein markør for haldninga til bitcoin. Den største veksten i bitcoin-bruk ser me i dag i det globale sør: Afrika, Sør-Amerika og Søraust-Asia. Det er vel der dei fleste spekulantane bur, då?
Jack Dorsey, grunnleggjar og tidlegare leiar av Twitter, sa det nyleg slik:
Viss du vil ha bevis for nytten av bitcoin, må du ut av USA- og Europa-bobla med kursfokus, og skaffa deg kunnskap om korleis verkelege folk brukar det for motstå sensur i Afrika og Sentral- og Sør-Amerika.
Dei som tvilar på dette bør ta ein tur til Oslo Freedom Forum 13. og 14. juni neste år og høyra historier om bruk av bitcoin i land med anna styresett enn i den vestlege delen av verda.
(Vilkår)Copyright Dagens Næringsliv AS og/eller våre leverandører. Vi vil gjerne at du deler våre saker ved bruk av lenke, som leder direkte til våre sider. Kopiering eller annen form for bruk av hele eller deler av innholdet, kan kun skje etter skriftlig tillatelse eller som tillatt ved lov. For ytterligere vilkår se her.