Bitcoin-kursen sine hopp og sprett er godt stoff for media. No sist i DNs artikkel 29. oktober om president Xi Jinping sin tale om blokkjedeteknologi, som umiddelbart sette fart i bitcoin-kursen. Trass i at Bitcoin feirer 11-årsdagen som konsept 31. oktober i år, er det framleis mange mytar og mistydingar om teknologien. Ein av dei blir gjengitt i DNs faktaboks om blokkjedeteknologi. Der står det at «Dataene kan ikke endres fordi hver blokk i kjeden har en kode som henviser til den forrige. Forsøker du å endre én, vil alle andre blokker i nettverket være ugyldige. Dette garanterer at et dokument som er godkjent i blokkjeden ikke kan endres».

Svein Ølnes
Svein Ølnes

Nei, dette er feil,

Her må me skilja mellom endringssynleg og endringssikkert, det som i datavitskapen blir kalla «tamper-evident» og «tamper-resistant». «Fingeravtrykka» som blir overførte frå blokk til blokk, gjer eventuelle endringar synlege, men det hindrar ikkje endringar.

Det som hindrar endringar, er konsensusmodellen som blir brukt. I bitcoin er det «proof of work» som sikrar blokkjeda mot uønska endringar og som er den viktigaste delen av konsensusmodellen. Den som til slutt får lagra transaksjonar i ei ny blokk, må visa til eit stykke utført arbeid.

Det gjer manipulering av data svært vanskeleg og i praksis umuleg.

I kontrollerte blokkjeder, i motsetnad til opne som bitcoin og ethereum, blir det brukt andre konsensusmodellar. Her må ein stola på at konsortiedeltakarane i fellesskap ikkje finn ut at dei skal endra blokkjeda. Då må ein stola på ei gruppe utvalde aktørar, og me er delvis tilbake til det problemet blokkjedeteknologien skal løysa: Fjerning av mellomledd og å sleppa å stola på tredjepartar.(Vilkår)Copyright Dagens Næringsliv AS og/eller våre leverandører. Vi vil gjerne at du deler våre saker ved bruk av lenke, som leder direkte til våre sider. Kopiering eller annen form for bruk av hele eller deler av innholdet, kan kun skje etter skriftlig tillatelse eller som tillatt ved lov. For ytterligere vilkår se her.