Tenk deg at ein ny dyreart vart oppdaga og at zoologar verda over berre avviste det og sa at dette dyret likna ikkje på noko dei kjende frå før, så det kunne ikkje vera muleg. Eller at ei ny øy dukka opp av havet, men geologar avviste det, fordi øya ikkje stod på kartet, og eigentleg ikkje likna på øyar slik dei er kjende.

Svein Ølnes
Svein Ølnes

Slik ser det ut i økonomiverda for tida. Eit nytt pengesystem, bitcoin, dukka opp i 2008/2009, ulikt noko anna pengesystem me har sett. Og økonomar flest avviser det og kallar det for tull og ein dårleg vits. Der zoologar og geografar og andre vitskapsfolk ville ha kasta seg over det nye for å studera det, let økonomar flest den unike sjansen til å studera eit ope og radikalt pengesystem gå frå seg. Dei blir presenterte for eit monetært laboratorium med opne data, og takkar stort sett nei. Det er ikkje til å tru.

Den førebels siste økonomen her til lands til å uttala seg om bitcoin, men heilt sikkert ikkje den siste, er sjeføkonom i Eika Alliansen, Jan L. Andreassen. Han samanlikna i sommar investering i bitcoin med å samla på OL-pins frå Lillehammer, eller på mummi-koppar, og meinte at bitcoin truleg var ei dårlegare investering. I bitcoin-miljøet vart det sjølvsagt straks laga mummi-koppar med teikning av Andreassen, i eit garantert avgrensa opplag på 21 koppar.

I den kjende boka «The Structure of Scientific Revolutions» frå 1962 skreiv den amerikanske samfunnsforskaren Thomas Kuhn om paradigme og paradigmeskifte i vitskapen. Han hevda at alle forskingsdisiplinar heldt seg innafor eit definert paradigme, eit sett vedtekne sanningar, og at det er veldig vanskeleg å bryta dette paradigmet. Vitskapen utviklar seg ikkje i ei rett, stigande linje, men i uføresette hopp.

Tankar som utfordrar det etablerte miljøet, ofte kalla ortodokse økonomar, har vanskar med å nå fram

Brutalt sagt skjer slike paradigmeskifte først når dei etablerte forskarane har gått i grava, eller når det oppstår ei krise i faget der enkelte spørsmål ikkje kan svarast på med dei innarbeidde førestillingane.

Mykje tyder på at det er eit liknande fenomen me ser innan økonomifaget. Tankar som utfordrar det etablerte miljøet, ofte kalla ortodokse økonomar, har vanskar med å nå fram i dei dominerande tidsskrifta og innan utdanningane på universiteta. Bitcoin og kryptovaluta burde sjølvsagt vore pensum for lengst på universiteta, men framleis verkar det som det er stor tregheit i dei fremste økonomiutdanningane, både her til lands og internasjonalt.

Det betyr ikkje at bitcoin og kryptovaluta ikkje skal underleggjast same kritiske tilnærming som annan vitskap. Men den må vera kunnskapsbasert og bygd på respekt. Så langt verkar det som om det manglar, i tillegg til den nysgjerrigheit som karakteriserer all god forsking.

Det var den legendariske redaktøren i Gula Tidend, Per Håland, som erta på seg mange i Oslo då han skreiv «Kvifor er Oslo-folk så dumme?». Eg har nok ikkje same injurierande kraft som Per Håland, men eg ønskjer å provosera økonomar til å komma opp med betre grunnar for å avvisa bitcoin enn dei hittil har gjort, og til å visa nysgjerrigheit og ta fenomenet på alvor.(Vilkår)Copyright Dagens Næringsliv AS og/eller våre leverandører. Vi vil gjerne at du deler våre saker ved bruk av lenke, som leder direkte til våre sider. Kopiering eller annen form for bruk av hele eller deler av innholdet, kan kun skje etter skriftlig tillatelse eller som tillatt ved lov. For ytterligere vilkår se her.