Alt skulle bli så mykje betre for distrikta med Senterpartiet i regjering. Resultatet ser ut til å bli det motsette: Ortodoks, tilbakeskuande distriktspolitikk som dyrkar stereotypiar og skremmer unge folk vekk, snarare enn å gripe tidsånda og peike framover.
No må alarmen gå for alle som ønskjer eit Distrikts-Noreg i utvikling.
Ei ny regjering med ambisjonar om offensiv distriktspolitikk, kunne knapt ha overtatt på eit betre tidspunkt enn hausten 2021: Distriktsnæringslivet går så det susar. Fiberutbygginga nærmar seg 100 prosent. Digitaliseringa gjer offentlege tenester enklare tilgjengelege og meir likeverdige i by og bygd enn nokon gong før.
Samtidig har korona-pandemien endra samfunnet i oppsiktsvekkande tempo. Arbeidsplassar og utdanning er digitalisert over natta. Store bedrifter lar folk flytte ut frå storbyen og fjernjobbe frå nye arbeidsfellesskap på bygda og i småbyar.
Mange fleire har fått augene opp for kvalitetane ved å bu andre stader enn i dei største byane – utan å måtte ofre jobb og karriere.
Ja, til og med den politiske «oppskriftsboka» låg klar. Regjeringa Solberg foreslo å gje statstilsette i storbyane «flytterett til egen jobb» og fekk laga to rapportar som teiknar opp framtidas distriktspolitikk og er stappfulle av konkrete forslag: NOU 2020:15 «Det handler om Norge», leia av Victor Norman, og NOU 2020:12: «Næringslivets betydning for levende og bærekraftige lokalsamfunn», leia av Svein R. Brandtzæg.
I Hurdalsplattformen vart følgjande lovnad gitt: «Regjeringen vil legge fram en melding for Stortinget om distriktspolitikk, der anbefalinger gitt av Norman- og Brandtzæg-utvalgene blir fulgt opp».
Men så var det stopp.
Så snart Senterpartiets rettruande kvinner og menn inntok departementskontora, vart nye tankar lagt til side. Det einaste distriktspolitiske grepet den nye regjeringa har kasta seg over med entusiasme, er reversering.
Regionreformen skal reverserast før han eigentleg har fått starte, fordi det i følgje Per Olav Lundteigen er så store «kulturforskjellar» mellom folk frå Buskerud og Østfold at dei ikkje kan sitje rundt same bord (!).
Domstolsreformen skal reverserast, sjølv om det er ein reform der alle rettsstadar i heile landet er sikra, aktiviteten på dei små rettsstadane har auka og dei tilsette har fått breiare faglege felleskap og større register å spele på.
Samtidig blir gamle stereotypiar om skilnaden mellom by og bygd, Noreg og Europa, nørt opp under. Sp-statsrådar blir stadig tatt med buksene nede i å skulde på EU/EØS for eigen manglande evne til å få gjort politiske grep.
Når Senterpartiets Jenny Klinge trampar inn i debatten om eit tredje kjønn, med skyhøge tal på sjølvmordsforsøk og mobbing av transpersonar som bakteppe, er det med følgjande argument: «Det er kua som kalver – uansett kva oksen måtte føle seg som. (..) Eg er oppvoksen på et småbruk, det er naturleg for meg å tenke dyreverden og natur». (NRK Debatten, 26/1-22). Kombinert med ein rovdyrpolitikk som er så ekstrem at han er stoppa av norsk rettsvesen.
Summen av dette er alvorleg for distrikts-Noreg. Som MDG-politikar Øyvind Strømmen frå Samnanger så ypperleg seier det: «Dersom norsk politikk vert redusert til ein slags interessekamp mellom by og land, ja, så er det fort vi på landsbygda som kjem til å tape. (…) Når me snakkar skit om folk i byen, er det kanskje ikkje så rart om ungdomen som har flytta dit vert verande?» (Nationen, 23/1-22).
Det Distrikts-Noreg treng no, er ikkje meir romantisering av fortida. Ikkje meir reversering, skepsis mot naboen og frykt for endring. La heller folk frå storbyen som ønskjer det få fridom til å flytte ut til eit moderne Distrikts-Noreg med opne samfunn og større fagmiljø enn før.
La tilsette i statsetatar i Oslo få flytterett til eigen jobb og prøve ut livet i distrikts-Noreg. Sørg for å riste i ein konservativ universitets- og høgskulesektor for at dei skal desentralisere sine tilbod – ein jobb der Sp-statsråd Ola Borten Moe fortener honnør for å ha starta.
Eg bur i det moderne distrikts-Noreg. Der folk av alle slag bur og trivst. Der fjøs er fjøs og folk er folk. Der hovudet til ein ungdom på Nordfjordeid er fylt av dei same tankane, gledene og uroa for framtida som ein ungdom på Tøyen.
Dei «kulturforskjellane» som eventuelt finst mellom folk i by og bygd, dei er det vår jobb å byggje ned. Ikkje å dyrke og forsterke ved å splitte opp landet mest mulig, og gje den fæle verda rundt oss skulda for alt som er gale.
Distrikts-Noreg si framtid er lys – dersom vi spelar på lag med verda rundt oss.
Det Distrikts-Noreg treng no, er ikkje meir romantisering av fortida. Ikkje meir reversering, skepsis mot naboen og frykt for endring
(Vilkår)Copyright Dagens Næringsliv AS og/eller våre leverandører. Vi vil gjerne at du deler våre saker ved bruk av lenke, som leder direkte til våre sider. Kopiering eller annen form for bruk av hele eller deler av innholdet, kan kun skje etter skriftlig tillatelse eller som tillatt ved lov. For ytterligere vilkår se her.