Eg vel i det lengste å tru at det er DN som har utstyrt Anne Siri Koksrud Bekkelunds lesarinnlegg den 11. juli med tittel og ingress for å lokka fleire lesarar. I motsett fall er det alvorleg med tanke på den viktige rolla Teknologirådet har som rådgivar for Stortinget i teknologiske saker. Eg vil difor å bruka same «triks» for innlegget mitt og føreslå at me gløymer digitale sentralbankpengar (DSP).
Digitale sentralbankpengar og bitcoin er to svært ulike ting. Dei har i grunnen berre det digitale til felles. Dersom DSP blir ein realitet vil det føra til eit pengesystem som er 100 prosent overvaka. I rapportane frå arbeidet med utgreiing av DSP er det ganske klart at den anonymiteten fysiske kontantar gir, ikkje vil bli blant dei prioriterte eigenskapane for ein digital variant.
DSP vil gi staten full kontroll med pengebruken, og fascinasjonen over programmerbare pengar kan fort bli snudd til eit framtidsmareritt der pengebruken din kan bli programmert i detalj: du får ikkje bruka pengar til spesielle varer, pengane dine kan få ei utløpstid og negative renter kan programmerast for at ikkje du skal flytta alle pengane frå dagens bankkonto til sentralbanken.
Som Bekkelund er inne på, må DSP lykkast, men ikkje for mykje. Det kan bli ein veldig vanskeleg balansegang, og bankane vil truleg sjå med uro på ei slik utvikling.
Bitcoin og kryptovaluta har lite å frykta frå DSP. Om noko, vil det helst styrka deira funksjon som eit alternativ for betre økonomisk personvern.(Vilkår)Copyright Dagens Næringsliv AS og/eller våre leverandører. Vi vil gjerne at du deler våre saker ved bruk av lenke, som leder direkte til våre sider. Kopiering eller annen form for bruk av hele eller deler av innholdet, kan kun skje etter skriftlig tillatelse eller som tillatt ved lov. For ytterligere vilkår se her.