Robert Næss skuldar meg for å vera selektiv i kjeldebruken for bitcoins energibruk i eit innlegg i DN 22. januar. Då eg skreiv i 2019 at mesteparten av energibruken i Kina var basert på fornybar energi, og mykje såkalla «stranda energi», var det dårleg med kjelder som viste noko anna.

I ettertid viser det seg at det var i overkant optimistisk, og at det faktisk var ein god del energi basert på kolkraft. Det kom først til syne i fullt mon i fjor sommar då kinesiske styresmakter stoppa bitcoin-graving i Indre Mongolia og Xinjiang.

Det er estimert at mellom 40 og 50 prosent av samla reknekraft i bitcoin-nettverket forsvann ut av Kina i fjor sommar. Det er vidare rekna med at Kasakhstan har 18-20 prosent av samla reknekraft. Ein like stor del må difor ha vorte flytta til andre land, og USA og Canada er truleg dei to mest aktuelle.

Alt i alt er det mykje som tyder på at netto effekt av den kinesiske utflyttinga er ein større del fornybar energi til bitcoin-graving.

Men hovudpoenget til Robert Næss har likevel vore at det berre er å ta i bruk ein annan metode som ikkje krev så mykje energi. Særleg er han oppgitt over at ethereum-utviklarar har brukt årevis på å få til det, noko som Næss nyleg hevda «er bare å endre noen linjer kode, så kunne du oppnådd det samme uten å kaste bort så mye strøm».

Enten er ethereum-utviklarar heilt udugelege, eller så er Robert Næss på bærtur. Eg overlet til andre å vurdera.(Vilkår)Copyright Dagens Næringsliv AS og/eller våre leverandører. Vi vil gjerne at du deler våre saker ved bruk av lenke, som leder direkte til våre sider. Kopiering eller annen form for bruk av hele eller deler av innholdet, kan kun skje etter skriftlig tillatelse eller som tillatt ved lov. For ytterligere vilkår se her.