Som eit lite, velutvikla land med mykje olje og gass har Noreg lykkast godt med å realisere store inntekter gjennom konverteringa av naturformue til finansformue. I sin tur har ressursrikdommen dermed lagt grunnlag for høgare inntekt, forbruk og velferd.

Eksempla frå andre delar av verda er diverre ikkje like oppløftande.

Dette er bakgrunnen for at norske styresmakter driv eit eige program for bistand under overskrifta «Olje for utvikling» (Ofu). Føremålet er å nytte norske erfaringar til å hjelpe samarbeidsland i forvaltninga av olje- og gassressursar på eit vis som legg til rette for berekraftig (!) økonomisk vekst og velferd. Programmet blei etablert i 2005, blir koordinert av eit eige sekretariat i Norad, omfattar i dag eit samarbeid med 15 land og har eit samla årleg budsjett på over 300 millionar kroner.

Sidan oppstarten for 15 år sidan er det delt ut over tre milliardar kroner under programmet.

At erfaringar i Noreg med forsvarleg forvaltning av olje- og gassressursar kan delast med ressursrike land andre stader i verda kan i utgangspunktet sjå ut som ein god idé. Om sannsynet kan aukast for at ressursrike land vil lykkast i å konvertere naturressursar til økonomiske verdiar og velferd for fellesskapen, så burde jo dette være til gagn for alle partar. Noreg sitt engasjement for å mobilisere olje- og gassutvinning i ressursrike utviklingsland reiser likevel ei rekke spørsmål og dilemma.

Olje og gass er ikkje-fornybare naturressursar. Dette inneber at eventuelle positive verknadar for økonomi og velferd er av forbigåande karakter, med mindre ein lykkast i å forvalte ressursinntektene i eit langsiktig perspektiv. Både erfaringar og forsking tydar på at dette svært sjeldan er tilfelle blant land som har svake institusjonar og låg kapasitet i offentleg forvaltning.

Støtte til institusjonsbygging og kapasitetsutvikling verkar dårleg om makta er samla på få hender og politikken er driven av utsikter til personleg vinning, slik tilfellet ofte er i utviklingsland.

Forskinga visar elles at ein langsiktig utviklingsstrategi basert på utvinning av olje og gass har små sjansar for å lykkast. Verknaden av ressursrikdom på økonomisk og sosial utvikling er uklår, og både forsking og erfaring tyder på at berre dei aller færraste lykkast i å realisere ei balansert økonomisk, politisk og sosial utvikling med utgangspunkt i olje- og gassutvinning.

Ressursrikdom av dette slaget fører like gjerne til overforbruk, tap av konkurranseevne, etterslep i innovasjon og produktivitet, politisk uro og konflikt.

På toppen av dette kjem paradoksa knytt til klimautfordringa. Globale klimaendringar fører med seg ei rekke risikofaktorar for økonomi og samfunnsutvikling, både internasjonalt og i Noreg. Etter fleire tiår med forhandlingar ser ein no at viktige land i verda samlar seg om politiske ambisjonar for å dempe forbruk og utvinning av fossile brensel. Gjennomslag for ein ambisiøs klimapolitikk vil innebere at all utvinning av olje og naturgass blir mindre lønsamt, og investeringar og utvinning difor vil måtte gå ned. I motsett fall vil klimapolitikken spele fallitt og klimaendringane vil halde fram.

I denne situasjonen er det altså at norske styresmakter legg ned stor innsats for å mobilisere nye volum av olje og naturgass for utvinning i låginntektsland. Mykje kan vel tyde på at dette er ein politikk som er moden for revurdering og revisjon.(Vilkår)Copyright Dagens Næringsliv AS og/eller våre leverandører. Vi vil gjerne at du deler våre saker ved bruk av lenke, som leder direkte til våre sider. Kopiering eller annen form for bruk av hele eller deler av innholdet, kan kun skje etter skriftlig tillatelse eller som tillatt ved lov. For ytterligere vilkår se her.